Klovnen Knut 2015
Klovnen Knut og Tom Tuba
Klovnen Knut 2015
Klovnen Knut er ein framifrå artist
Fotograf: Hallgeir Hove
Klovnen Knut var også på besøk hjå oss i 2011 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
..og det var liten tvil om at borna likte nettopp det! fotograf Hallgeir Hove

Klovnen Knut til Stordalshallen måndag 27. april!

Mange av dykk hugsar sikkert attende til hausten 2011, då Klovnen Knut vitja frivilligsentralen vår. No er han klar for eit nytt besøk her i Stordal og denne gongen tek han m.a. også med seg Tom Tuba til forestillinga si i Stordalshallen, siste måndagen i april.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 27.04.2015

Kven skulle tru at det er gått heile fire år sidan Kloven Knut vitja oss sist gong. Men uansett, suverent var det! Les gjerne reportasjen vi laga den gongen og sjå dei kjekke bileta.

Her finn du eit eige bildegalleri frå besøket i 2011.

For meir om forestillinga denne gongen, der det også ser ut til at vi m.a. også skal få helse på Tom Tuba, viser vi til Klovnen Knut si eiga heimeside.

Det er elles veldig kjekt for oss å kunne formidle at forestillinga er gratis!

Dette takka vere eit nært og godt samarbeid mellom Folkeakademiet Midt-Norge og Barnas kommune, Stordal frivilligsentral, Stordal Bibliotek og Stordalshallen.

Det heile skjer altså i Stordalshallen, måndag 27. april kl 18.00!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove