KM i futsal til helga!

Stordal IL er, saman med Volda T&I, først ute med å arrangere KM i futsal denne vinteren. Til helga er det G 19 som skal kjempe om tittelen i Stordalshallen og før vinnaren er kåra skal det spelast kampar frå tidleg om morgonen og heilt til kl 23.00 på laurdagen. På søndagen er det så klart for mellomspel og sluttspel. Det er berre å gle seg til ei ny forrykande helg i Stordalshallen! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 01.11.2013
Fotograf: Vigdis Hove
Fleire av dei som tok heim KM-gullet i fjor, vert nok også å sjå på Stordal sitt G 19 lag til helga! fotograf Vigdis Hove

Stordal IL har ikkje få KM-arrangement bak seg og også denne gongen vert det både resultatservice på storskjermen i grendasalen og alt anna som skal til for at arrangementet skal vert så bra som berre mulig.

På heimesida til Sunnmøre Fotballkrets finn du alt om dei mange KM-arrangementa, inklusiv Stordal IL sitt. Der finn ein dermed også kampoppsett for helga og vi registerer at arrangørklubben skal i aksjon eit stykke ut på kvelden laurdag. Dette skal bli spanande!

NB! DET VISER SEG AT LARSNES/GURSKEN HAR TREKT LAGET SITT I DERMED HAR ARRANGØRANE SETT OPP NYTT KAMPOPPSETT!! ETTER DET VI FORSTÅR KAN DET FRAMLEIS BLI JUSTERINGAR PÅ KAMPOPPSETTET, SÅ HER ER DET VIKTIG Å FYLJE MED PÅ KRETSEN SI SIDE.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove