Konferanse om næringsutvikling

Næringslivskonferanse aug 2018 - Klikk for stort bildeNæringslivskonferanse aug 2018

Fellesnemnda for Fjord kommune inviterer til diskusjon om framtidig næringsutvikling, tysdag  den 28. august. Konferansen blir i Stordalshallen og startar kl 17.00. 

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.08.2018

Hovudtema for konferansen er formulert i fyljande problemstilling:

Kva er dei fem viktigaste føresetnadane for å lykkast med ei positiv næringsutvikling i Fjord kommune?

Fem innleiarar kjem med synspunkt om kva som skal til for å lykkast. Etter konferansen blir det sett ned arbeidsgrupper som skal kome med innspel.

Her er dei fem innleiarane:

Harald Espeland - Prosjektleiar Vekst i Stordal
Tom Anker Skrede - Leiar Destinasjon Ålesund & Sunnmøre
Ragnar Heggdal - Prosjektleiar Muriparken
Anne Berit Løset - Rådmann i Stordal kommune, tidl. Landbruksdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune
Terese Jemtegård - Leiar Fjordhagen



Det vert enkel servering.

 

Velkomen til konferanse!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove