Fotograf: Hallgeir Hove
Johan Dyrkorn med synlege bevis på at han har motteke Kongens fortjenstmedalje fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ordførar Charles Tøsse overrekkjer medaljen til Johan, under jubileumsfesten 1. mars fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det var mange som nytta høve til å takke Johan spesielt, i samband med jubileumsfesten sist laurdag. Her er det Lilly Anne Blindheim Rødal frå fylkesstyret som har fått Johan fram att på scena fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Johan Dyrkor leia også helselagsbasar nr 100 i rekkja, fredag 5. april 2013 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Helselaget samlar inn rekordstore beløp, berre i høve den årlege basaren sin og desse pengane bidreg til ei rad helsebringande tiltak i kommunen vår fotograf Hallgeir Hove

Kongens fortjenstmedalje til Johan Dyrkorn!

Stordal Helselag feira 100 år, laurdag den 1. mars. Under den flotte jubileumsfesten til laget, kunne ordførar Charles Tøsse avsløre at ein av deira eigne var tildelt Kongens fortjenstmedalje. Avtroppande leiar, Johan Dyrkorn, kan sjå attende på 44 år med viktig og godt arbeid for helselaget og no har han også motteke heider frå sjølvaste Kongen vår, for denne innsatsen.    

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.03.2014

Stordal helselag og innbyggjarane i kommunen, har hatt gleda av arbeidet Johan Dyrkorn har lagt ned gjennom 44 år. Dei fleste åra har han vore kasserar, medan han dei siste åra har vore leiar. Like fult har han i alle år vore ein pådrivar for helselaget sitt arbeid, uavhengig av verv. I tillegg til dette har han hatt fleire verv gjennom Nasjonalforeninga for folkehelsa.

Johan Dyrkorn har også ei aktiv periode innan lokalpolitisk arbeid. Han var kommunestyrerepresentant i storkommunen Ørskog i perioden 1972-76. Då stortingsvedtaket om oppløysing av storkommunen vart vedteke, vart Dyrkorn etterkvart ansvarleg for tilsetjingar og valavvikling. Frå 1977 til 1979 var han ordførar i Stordal kommune – den første etter oppløysinga. I fleire periodar har han vore vara til kommunestyret. Johan Dyrkorn er født den 16. oktober 1938, på Dyrkorn, der han framleis bur.

I små lokalsamfunn som vårt, er det ikkje til å unngå å legge merke til personar som brenn ekstra for oppgåvene/verva sine og Johan Dyrkorn er i høgste grad ein slik ein. Når vi i tidlegare reportasjar har trekt fram mykje av alt det Stordal Helselag har gått i bresjen for å få til her i Stordal kommune, er det nok rett å hevde at det nettopp er Johan Dyrkorn, som dei siste femti åra skal ha mykje av æra for dette.  

Når Stordal Helselag vert omtala som ein bauta i lokalsamfunnet vårt, seier dette ikkje så reint lite om kva betydning denne innsatsen har hatt for oss alle.  

Stordal kommune gratulerer Johan Dyrkorn med tildelinga av Kongens fortjenstmedalje og takkar for eineståande innsats i arbeidet med å bidra til ei betre helse for alle i kommunen vår!

Les meir om Kongens fortjenstmedalje

Sjå sjølvsagt også reportasjen frå den flotte jubileumsfesten, laurdag den 1. mars 2014 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove