Aalesunds Mandssangforening
Aalesunds Mandssangforening
Fotograf: John Kristian Hjelle
Stordal barnekor vert også med på torsdag den 26. april! fotograf John Kristian Hjelle

Konsert med Aalesunds Mandssangforening og Stordal barnekor i Stordalshallen, torsdag den 26. april.

Aalesund Mandssangforening vart stifta så tidleg som i 1883 og koret har i dag over 40 medlemmar. Ein av disse er vår eigen Terje Aasen. Under leiing av dirigent Jostein Maude, vil det store og flotte koret by på eit spanande og flott repertoar i Stordalshallen, torsdag 26. april. Det er no også klart at Stordal barnekor kjem til å delta på arrangementet, noko som gir ekstra stor grunn til å møte fram.
Aalesunds Mandssangforening kan vise til ei imponerande historie. I nyare tid har dei delteke på ei rad konsertar og har m.a. sunge saman med Sølvguttene (i 2005). Les meir om mykje av dette, ved å gå inn på linken nederst.

Som nemnt er også stordalingen Terje Aasen med i dette koret og det vil bli kjekt å få oppleve han saman med resten av koret. For mange av oss er det også slik at fleire andre av disse karane er kjente frå før. Ikkje minst vil det bli kjekt å få besøk av Oddmund Olsen, som mange hugsar frå tida hans som lærar ved Stordal skule. Dirigenten, Jostein Maude, har tidlegare vore organist i Stordal kyrkje og kordirigent for eit felleskor for Stordal, Liabygda og Valldal.

For at dette skal verte ein ekstra triveleg korkveld i Stordalshallen, har Stordal og Liabygda pensjonistlaget teke på seg å stå for sal av kaker og kaffi, med meir.

Gå inn på linken nederst og les meir om Aalesunds Mandssangforening, på heimesida til koret.

Stordal barnekor har gleda oss, ved fleire tidlegare høve og nærare presentasjon av det dei står for, er truleg difor ikkje naudsynt.

Du kan også klikke deg vidare til plakat, nederst.

Vel møtt alle saman!
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove