Fotograf: Privat
Maria, Iris og Hildegunn klare til å gje oss eit musikalsk påskeegg fyllt med populære godbitar frå musikkverda. fotograf Privat
SANS - reportasje i Smp
SANS har fått mykje mediedekning. Her frå Sunnmørsposten i dag

Konsert med SANS på søndag!

Då er det på sin plass å kome med ei siste påminning om konserten på søndag, også her på nettsida vår. Maria Holand Tøsse, Iris Kristine Roppen Tangen og Hildegunn Garseth Ulvestad utgjer gruppa SANS og søndag kl 19.00 får du altså oppleve dei i Stordalshallen!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.04.2014

Frå facebooksida til SANS, har vi henta ut fyljande:

Vi i SANS gler oss til å gi deg eit musikalsk påskeegg
fyllt med populære godbitar frå musikkverda.

SANS er ein trio som består av
Maria Holand Tøsse - vokal
Hildegunn Garseth Ulvestad - gitar og vokal
Iris Kristine Roppen Tangen - perkusjon og vokal

11.-13. april reiser vi rundt på Sunnmøre med bilen full av instrument saman med kjerna i trioen, nemleg sangstemmene våre.

Konsertane blir på dei vakre heimstadane våre: Stordal, Ørskog og Hjørungavåg

I tillegg har vi og ein akustisk lunsjkonsert på Devoldfabrikken i Langevågen laurdagen.

Vi har med oss gjesteartist Georgie Paskalev, som skal bidra med funky basslinjer og si sjarmerande stemme. Han er far til artisten Mikhael Paskalev, og de får høyre at stemma ikkje fell langt frå stammen.

Søndag 13. april blir det konsert i grendasalen på Stordalshallen kl. 19:00. Sal av deilige kaker og kaffi trakta med kjærleik.

Pris:
Voksen: 200 kr
Student/barn under 18 år: 100 kr

Velkomne til konsert :)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove