BIG valley VOICES
Klart for konsertpremiere, den 15. januar 2015!
Fotograf: Maria Holand Tøsse
Latter, sangglede, gåsehud og rørande tårer, når damene i BIG valley VOICES kjem saman fotograf Maria Holand Tøsse
Fotograf: Privat
Det er Maria H Tøsse, som står bak opprettinga av det spanande koret fotograf Privat

Konsertpremiere for BIG valley VOICES!

Onsdag 3. september 2014 hadde damekoret BIG valley VOICES si første øving. Torsdag 15. januar er dei klare med konsertpremiere og leiar Maria H Tøsse har m.a. skrive fyljande: "Etter ein haust med både latter, sangglede, gåsehud og rørande tårer er det berre ein ting å seie: Gled dokke til ein variert og annleis koropplevelse på nyåret!"

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.01.2015

I tidlegare reportasjar har vi skrive meir om gjengen som har starta opp med damekor. Vi nemnde dei også i ein reportasje i oktober.

Det er sjølvsagt også oppretta ei eiga hending på facebook, der ein finn meir info og der mange alt har gitt eit vink om at dei kjem. Det er sjølvsagt supert om du kan tipse venner og kjente om det same, anten det no skjer ved at du deler og inviterer på facebook, eller på anna vis.

Denne spanande opplevinga får du med deg i Stordalshallen (grendasalen), torsdag 15. januar. Konserten startar kl 18.00!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove