Fotograf: Hallgeir Hove
Å få besøk av nissen er alltid like populært fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Maria H Tøsse nytta også høve til å få eit intervju med Ragnhild Fauske fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Alpinistane stilte som vanleg opp med eige nissekor fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Charis vert vi aldri lei av! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Robert Iversen tok hand om lyden på utmerka måte fotograf Hallgeir Hove

Koseleg julegrantenningsarrangement

Tradisjonen tru vart julegrana i Stordal sentrum tent i går kveld. På grunn av det dårlege veret før på dagen, såg arrangørane seg derimot nøydde til å flytte innomhus for å få avvikla programmet kring julegrantenninga. Dette såg ut til å vere vellukka. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.12.2013

Det er alpingruppa i Stordal IL, som i mange år har stilt opp og laga ei flott rame kring julegrantenningane. I og med at det var skikkeleg ruskever i går valgte dei å legge arrrangementet til Stordalshallen, noko som absolutt ikkje såg ut til å vere noko dårleg val. Medan uveret herja på utsida, vart det rett så triveleg i ein stappfull grendasal.

Maria Holand Tøsse tok hand om programleiarrolla og losa oss gjennom eit flott arrangement, der vi fekk høyre dei flinke jentene i gruppa Charis, alpinistane stilte på med eige nissekor og sjølvsagt var det tombola! Det var også sal av kaker, kaffe, saft og gløgg. To nissar dukka også opp mot slutten, noko som naturlegvis var ekstra stas for dei yngste.

Ragnhild Fauske var også på plass og akkompagnerte Charis-jentene på piano og det var veldig kjekt å få høyre ho fortelje meir om det supre CD-prosjektet som barnekoret har vore med på. Det vart også høve til å sikre seg den flotte CD´n, for den som enno ikkje hadde gjort det.

Robert Iversen handterte lyden og fekk velfortent applaus for at han stilte opp også denne gongen.

Stor takk til alpingruppa som nok ein gong stilte opp og gav oss eit flott arrangement knytt til tenning av julegrana. Det var fornuftig å flytte innomhus slik vertilhøva var denne gongen og med tanke på kor mykje folk som deltok kan vi også konstatere at dette verkeleg er ei markering det vert sett pris på.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove