Fotograf: Vigdis Hove Øie
A-laget endeleg på plass att i 4. divisjon! fotograf Vigdis Hove Øie
Fotograf: Hallgeir Hove
Desse to flotte damene var noko av det vi fekk oppleve i Rosekyrkja sist sommar. KKB er på det næraste klare med nytt innhaldsrikt program fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Klart det blir sykkeltrim også i år! Ny arrangør i år, er langrennsgruppa fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Slik ser det ut på toppen av Auskjeret for tida. Stordal Turlag har plassert ut kasse også der! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
For mange er dette den ultimate opplevinga, men hugs sjølvsagt isvett! fotograf Hallgeir Hove

Kulturkaldender nr 2 - 2013

Då kan vi presentere ein ny kulturkalender. I denne vil ein finne ein heil del av det som skal skje, utanom dei meir faste aktivitetane kvar veke. Ver likevel merksam på at det er mange arrangement som vil kome til etterkvart, då ikkje alle detaljar er på plass. Eit god døme på dette er Kyrkjehola Kulturbeite sitt sommarprogram, som vi sjølvsagt gler oss veldig til å få presentert.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.04.2013

Dei tre første månadane av 2013 inneheld ei rad flotte kulturarrangement (sjå gjerne i vårt nyhendearkiv) og slik sett bygg ein vidare på det som har vore, både i 2012 og tidlegare. Det er ganske enkelt eineståande alt det skjer, med rekordmange store og små arrangementa. Mykje tyder på at også den perioden vi no har starta på, vil innhalde mykje flott. I løpet av få dagar har vi fått oppleve ein storslått konsert i regi av hornmusikken, helselaget har avvikla sin årlege basar, med rekordoppmøte og Stordal Alpin har arrangert kretsrenn for om lag 100 løparar frå heile skikretsen. (i påskveka var det i tillegg ope klubbrenn). Både langrennsgruppa og hoppgruppa kan sjå attende på ei rad flotte arrangement, der ikkje minst Stordalscup i langrenn er imponerande med deltaking heilt opp mot 100 born og unge på dei sju renna i løpet av vinteren.

Ser ein på oversikta over arrangement også vidare framover vil det eine arrangementet avløyse det andre. No startar aktivitetane opp for fullt ved Kirkebø stadion, der vi har to lag som kan sjå tilbake på opprykk framfor denne sesongen. Vidare er det rekordmange lag og spelarar innan aldersbestemt fotball. Det er ikkje for utan grunn at Stordal IL vart kåra til årets breiddeklubb i 2012.

Også ved Ytste Skotet skjer det mykje spanande framover og Stordal Turlag har for lengst gjort kjent sitt turprogram for 2013.

I ei årrekkje har ein arrangert det som har fått namnet Barnas Supersommar, i regi av Barnas kommune. Det er all grunn til å tru at det også denne sommaren vil bli mykje kjekt å få med seg. Til liks med sommarprogrammet til Kyrkjehola Kulturbeite, er heller ikkje detaljane klare for Barnas Supersommar. Men klart vi gler oss!


Oversikta vi presenterer no tek føre seg tre nye månadar, med andre ord fram t.o.m juni månad. Sjå det heile vedlagt nedst på sida.

For oversikt over dei mange faste aktivitetane og tilboda, viser ein til Trenings-, øvings- og opningstider vinter 2013. (sjølv om vi er i full gong med våren, vil desse tidene like fullt vere gjeldande)

Vi oppmodar elles også alle om å fylje med, både i høve til Arena Overøye og Stordal Fjellservice sine nettsider (eigen link til skisporet.no der, slik du til ei kvar tid kan sjå kvar det er oppkøyrde løyper og når dei vart lagt. I skrivande stund, kl 13.00 og det på ein tysdag, er dei dyktige karane i sving for å legge forholda til rette for oss! Sjekk sjølv!). Vi er no nemleg inne i det som faktisk er den flottaste tida i fjellet og då er det for gale å pakke vekk skiutsyret! Også på Stavsengfjellet vert det meldt om flotte skiløyper! Meir om friluftslivsmuligheitene våre her.

Som dei fleste veit, finn ein også mykje meir info om både komande arrangement o.l., på dei mange flotte heimesidene til lag og organisasjonar i kommunen. I tillegg finn ein mykje førehandsstoff og mange reportasjar på heimesidene til kommunen her:

KULTUR

STORDALSHALLEN

Eit tilbakeblikk på mykje av alt det som skjer innan kultur i den lille kommunen vår, kan ein få om ein vel å dukke ned i reportasjearkiva våre. Rett og slett imponerande er det!

Vi har også ei oversikt over lag og organisasjonar i kommunen vår. Hjelp oss gjerne med å halde denne så oppdatert som mulig.

Det er igjen kjekt å vise til at mange av laga og organisasjonane også er aktive t.d. på facebook. Skal du halde deg best mulig oppdatert, er det ikkje til å legge skjul på at også slike sider vil vere særs nyttige å "like".

Fyljande facebook-sider er oppretta i kommunal regi:

Barnas kommune

Stordalshallen

Stordal Frivilligsentral

Stordal bibliotek

Avslutningsvis vil vi oppmode alle om å nytte muligheitene som fins til å få ut informasjon om alt det flotte som skal skje og faktisk skjer! Minner også om at mange av desse muligheitene er gratis. Både lokalaviser og andre nettstadar tilbyr seg å formidle slikt utan kostnad, i kulturkalenderar som dette. (Når t.d. lokalavisa Bygdebladet berre har registrert eitt einaste kulturarrangement i Stordal kommune, for perioden frå mars t.o.m juli månad, er det grunn til å minne om muligheitene. Særleg meir om oss, finn vi vel heller ikkje på Sunnmørsposten sin kalender) 

Eit anna døme på dette med kulturkalender er også Radio Storfjord, sitt nye opplegg. Sist men ikkje minst minner vi også om dei enorme muligheitene til å nå ut, ved hjelp av Kulturnett Møre og Romsdal


Då nyttar vi høve til å ynskje alle saman ein fin vår og sommar, både ute i naturen og på dei mange ulike kulturarenaene våre! Muligheitene er mange i vår kommune!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove