Sjølv om ikkje alt av arrangement framover er på plass, viser denne oversikta iallefall at det også er mykje spanande å sjå fram til i den perioden vi no er godt i gong med. (Sjå oversikta vedlagt nedst i reportasjen)
Ikkje minst er det kjekt å registrere at aktivitetane på Kirkebø stadion er i full gong og vi kan sjå fram til mange spanande fotballkampar, med små og store i aksjon. Særs gledeleg er det også å registrere at Ytste Skotet har mykje spanande på gong framover og sjølvsagt stas at Kari-Anne Nilsen har fått til eit så levande og flott museum på bortsida av fjorden.
Vidare ser vi fram til den tradisjonsrike sykkeltrimmen, dei mange flotte turane i regi av Stordal Turlag, kassejakta, feiring av Nasjonaldagen, Stordalscup og mykje, mykje meir.
På heimesida til Kyrkjehola Kulturbeite les vi elles at det ikkje er lenge til dei kjem til å presentere sommarprogrammet sitt og sommarhalvåret er også i høgste grad prega av ei rad flotte tilbod for dei yngste. Barnas Supersommar vart ein stor suksess i fjor og etterkvart vil vi kunne presentere fleire detaljar om det ein kan få vere med på denne sommaren.
Det er framleis ein heil del som enno ikkje er kome inn i oversikta over arrangement og aktivitetar framover. Men så snart dette er klart vil vi plotte dei inn og elles vil vi, som vanleg, presentere førehandsreportasjar både under "Kultur" på heimesida vår og sjølvsagt på facebook. Om du kjenner til arrangement eller aktivitetstilbod som ikkje er kome med her, er det fint om vi kan få tips om dette. I tillegg til dette er det sjølvsagt også ei rad faste aktivitetar og tilbod og mange av desse finn ein i oversikta over trenings- og øvingstider. Denne oversikta finn du HER
Her presenterer vi lenker til våre facebooksider:
Barnas kommune
Stordalshallen
Stordal frivilligsentral
For å få med deg mykje av alt det som skjer innan kultur og fritid, finn du mykje nyhendestoff HER og har du særskilt lyst til å få med deg alt det positive som skjer ved Stordalshallen, finn du dette HER. Sjå elles oversikt over dei mange andre flotte heimesidene i kommunen vår HER
Mykje kjekt å sjå attende på!
Når vi no er i ferd med å legge ein ny fantastisk periode bak oss, med m.a. ei rad flotte arrangement og med eineståande resultat m.a. i skiløypene, er det kanskje også ekstra kjekt å sjå attende på mykje av alt det vi har fått gleda av å oppleve. I tilfelle du ynskjer det, er det berre å kikke i arkiva våre.
Kultur og fritid (reportasjearkiv)
Stordalshallen (reportasjearkiv)
Trur nok vi med rette kan hevde at vi har ganske så mykje å vere stolte av!
Med dette nyttar vi også høve til å ynskje alle ein flott vår og etterkvart sommar! Grip dei muligheitene som finst, ta del i dei mange flotte arrangementa og tilboda og ikkje minst; benytt deg av den vakre naturen vi har rundt oss!