Fotograf: Hallgeir Hove
Klart for fleire nye konsertopplevingar med Stordal Hornmusikklag fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Privat
10. klasse ved Stordals skule er klare til å arrangere ny flott lokalmønstring av UKM fotograf Privat
Fotograf: Hallgeir Hove
Andrea og dei andre Stordalsalpinistane skal i aksjon på heimebane fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Storfjordnytt
Det same skal Martine og dei andre langrennsløparane fotograf Storfjordnytt
Tommy Lianes, Lysgårdsbakken 2012
Og kanskje vil vi få oppleve Tommy med luftige svev i Fjellbakken?

Kulturkalender nr 1 2013

Då har vi fått innhenta informasjon som gjer det mulig å presentere ein del av alt det som skal skje framover av arrangement og liknande. Ser ein på denne oversikta og i tillegg veit kor mykje det er som skjer av faste aktivitetar frå dag til dag, er tilboda mange. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.01.2013

Året 2012 var eineståande for Stordal kommune sin del, også kva gjeld dei rekordmange store og små arrangementa som vart avvikla. Mykje tyder på at også det nye året vil by på mykje flott.   

Den oversikta vi presenterer no tek føre seg perioden fram til april månad. Sjå det heile vedlagt nedst på sida.

For oversikt over dei mange faste aktivitetane og tilboda, viser ein til Trenings-, øvings- og opningstider vinter 2013.

Som dei fleste veit, finn ein også mykje meir info om både komande arrangement o.l., på dei mange flotte heimesidene til lag og organisasjonar i kommunen. I tillegg finn ein mykje førehandsstoff og mange reportasjar på heimesidene til kommunen her:

KULTUR

STORDALSHALLEN

Eit tilbakeblikk på mykje av alt det som skjer innan kultur i den lille kommunen vår, kan ein få om ein vel å dukke ned i reportasjearkiva våre. Rett og slett imponerande er det!

Vi har også ei oversikt over lag og organisasjonar i kommunen vår. Hjelp oss gjerne med å halde denne så oppdatert som mulig.

Det er igjen kjekt å vise til at mange av laga og organisasjonane også er aktive t.d. på facebook. Skal du halde deg best mulig oppdatert, er det ikkje til å legge skjul på at også slike sider vil vere særs nyttige å "like".

Fyljande facebook-sider er oppretta i kommunal regi:

Barnas kommune

Stordalshallen

Stordal Frivilligsentral

Stordal bibliotek

Då nyttar vi høve til å ynskje alle saman ein fortsatt fin vinter både ute i naturen og på dei mange ulike kulturarenaene våre! Muligheitene er mange i vår kommune!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove