Kulturkalender nr 4 - 2018

Konsert - All around the world nov 2013 - Klikk for stort bildeKonsert - All around the world nov 2013 Bjørg Jacobsen

Vi er godt inne i oktober månad og dermed på høg tid å få presentert årets siste kulturkalender. Ser vi tilbake på månadane som er gått er det rett og slett imponerande alt det flotte som er arrangert og vi har mykje å sjå fram til også med tanke på resten av året.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.10.2018

Juleavslutning 2017 - Klikk for stort bildeJuleavslutning 2017 Hallgeir Hove Adventskonsert i Stordal kyrkje 2017 - korpsa - Klikk for stort bildeAdventskonsert i Stordal kyrkje 2017 - korpsa Hallgeir Hove Grendacup 2017 - Nejaføringane til topps! - Klikk for stort bildeGrendacup 2017 - Nejaføringane til topps! Ole Hove Open hall 29. des 2017 - konkurransetrampolina - Klikk for stort bildeOpen hall 29. des 2017 - konkurransetrampolina Hallgeir Hove

Det har alt skjedd mykje flott også denne månaden og vi skundar oss å gratulere Stordal IL med ein alldeles fantastisk jubileumsfest, laurdag den 20. oktober.

Noko av det som kjenneteiknar kulturlivet i kommunen vår, er dei mange flotte konsertane. Laurdag den 3. november er det klart for ny, storslagen konsert der Stordal Hornmusikklag er arrangør og som så ofte tidlegare med gjestande musikarar av verdensklasse. Konserten denne gongen har fått tittelen; "Wonders of Nature" og vi kan m.a. gle oss til å på ny få oppleve Inge Smedts på scena. Inge Smedts har vi altså hatt gleda av å få oppleve i Stordalshallen tidlegare, nemleg for ganske så nøyaktig fem år sidan. Då hevda vi at vi hadde fått oppleve den beste konserten på mange, mange år. Ho har også oppretta ei eiga hending på facebook slik: "Concert Soloist Piccolo with Stordal Hornmusikklag Norway"  Inge har denne gongen også med seg mannen sin, Tim Colembier, som også er musikar. Han er hornist. I tillegg til at Inge framfører solostykket sitt, vil begge delta som musikarar i korpset under heile konserten. Les endå meir her.

Noko særleg mindre tilbakehaldande med superlativa var vi ikkje etter at Bart Watté var gjestesolist på konserten i november 2011. Overskrifta; Verdsklasse, seier vel det meste. Det er nettopp Bart Watté, som har komponert stykket som Inge Smedts skal framføre.

Laurdag den 3. november kan du få oppleve begge desse på scena og det er altså ikkje verken i Oslo, eller i Bergen folkens! Det er her i Stordal!

Vidare framover mot jul, kan vi sjå fram til endå fleire konsertar, både med Big Valley Voices (i kyrkja den 7. desember), med Maria Holand Tøsse (ved Stordalstunet den 13. desember) og så har vi adventskonserten i kyrkja rett etterpå.

Onsdag den 19. desember er det klart for juleavslutning ved Stordal skule, og det er ikkje akkurat noko småtteri det heller, for å seie det sånn. Skulen riggar seg til i Stordalshallen over ei veke før det heile skal skje og vi kan gle oss til nye flotte opplevingar frå scena, og der absolutt alle elevane ved skulen er med på ein eller annan måte. Fantastisk, enkelt og greitt.

Av det vi kjenner i høve til det som skal skje i romjula, nemner vi at det blir Grendacup 2. juledag (det blir den 23. utgåva det!) og så satsar vi på Open hall att, 5. juledag. Også det har vist seg vere veldig populært.  

Her finn du kulturkalender nr 4 - 2018 (PDF, 51 kB)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove