Adventskonsert i Stordal kyrkje 2018 - Big Valley Voices
Hallgeir Hove
Julegrantenning 2018
Marte E Hove
Julemesse 2011, Tove Øvrebust
Randi Flø, Storfjordnytt
Juleavslutning Stordal skule 2018
Hallgeir Hove
Dette blir også den siste kulturkalenderen for Stordal kommune. Neste oversikt over komande kulturarrangement, vil naturlegvis femne heile nye Fjord kommune, noko som i seg sjølv teiknar til å bli rett så bra.
Dei siste tre månadane av året, har sjølvsagt også denne gongen sine årvisse arrangement å by på og dermed kan vi sjå fram til m.a. både juleavslutninga til Stordal skule, Grendacup, førsjulskonsertar, julemesse ved frivilligsentralen og julegrantenning. Ny konsert i regi av Stordal Hornmusikklag kan vi også gle oss til.
Legg også merke til at året vert runda av med den første av fleire markeringar, knytta til etableringa av Fjord kommune. Dette skjer på Nyttårsaftan.
Men sjølvsagt er det ein heil del som skjer også før julehøgtida set inn. Ut denne månaden kan du oppsøkje dei mange turmåla i Stikk UT! og framleis er det ei rad fotballkampar å få med seg på Kirkebø Stadion for å nemne noko.
Her er den førebelse oversikta over kulturarrangement t.o.m 31. desember 2019 (PDF, 47 kB)
Så oppmodar vi alle til å sende inn info om komande arrangement, slik vi kan få oversikta vår endå meir komplett i høve til det som skal skje framover.
I tillegg til det som er med i oversikta kulturkalenderen syner, har vi sjølvsagt også ein rad møter,øvingar, treningar og aktivitetar elles, som er fast frå veke til veke. Desse finn du i ei eiga oversikt over Trenings - øvings - og opningstider hausten 2019