Fotograf: Hallgeir Hove
Alle deltakarane får utdelt gåver og diplom fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det var truleg nærare 400 på plass under lokalmønstringa søndag 16. februar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Robin Aasen (t.h) styrte lyden, medan Robert Iversen tok hand om stilfull lyssetting fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Viveke og Ylva deler ut blomster og gåver til juryen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det låg mykje arbeid bak eit slikt flott arrangement og ekstra kjekt då at idrettshallen vert fyllt opp fotograf Hallgeir Hove

Kulturmønstring til terningkast seks!

Søndagens lokalmønstring i Stordalshallen vart av ypperste merke. På førehand var det klart at ein skulle få oppleve heile 14 innslag frå scena og at fem ungdomar hadde kunstobjekt å vise fram. At det var flott å oppleve alt saman, var det ingen tvil om. Men som om ikkje dette var nok, imponerte brått også ein ung Michael Jackson-sjarmør på scena, i pausen. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.02.2014

Arrangørane frå 10. klasse, med god hjelp også frå foreldre/føresette, hadde gjort ein solid jobb i forkant og dermed var idrettshallen på ny omgjort til ein stilfull arena, ideell for ei slik lokalmønstring. Scene, trosserigg, røykmaskin og avansert lyssetting, bidorg til ei flott rame kring det heile. På storskjermen fekk publikum oppleve både musikkvideo og ikkje minst fekk dei også med seg dei mange verksemdene som hadde støtta opp om lokalmønstringsarrangementet. Vi kjem heller ikkje unna å nemne det flotte kakebordet, som publikum vitja jamnt og trutt.

I og med at påmeldinga var god frå Stordal kommune frå før av og at vi også var så heldige å få med deltakarane frå Norddal kommune, vart det ekstra mykje flott å få med seg denne kvelden. Det var som vanleg også lagt inn ei pause på ca 15 minutt midtvegs. I denne pausen skulle det vise seg at det var ein unggut frå Dyrkorn som stjal showet. Etter nokre stilige "dansemoves" på golvet, var han ikkje vanskeleg å be, når han fekk tilbod om å entre scena. At han hadde øvd på Michael Jackson, var det liten tvil i!  

For mange fleire bilder, ikkje minst av deltakarane, viser vi til eige bildegalleri på Stordalshallen si facebook-side.

Fleire av desse bilda var også med i Sunnmørsposten sitt bildegalleri frå arrangementet her. I papirutgåva av Smp i dag, var det i tillegg flott reportasje med mange lovord om både arrangørane og deltakarane. Vi gler oss også til å lese omtale både i Bygdebladet og i Storfjordnytt, når den tid kjem!

Etter at alle sceneinnslaga var ferdig, var det så på tide å få alle deltakarane opp på scena, slik dei kunne få sin vel fortente applaus frå publikum. Det vanka også eit nett med mykje spanande i, til alle saman og sjølvsagt eigen UKM-diplom! 

Programleiarane passa også på å få fram dei tre i juryen og i tillegg til pose, vanka det også blomster til dei. Det er, som dei fleste sikkert skjønar, ein ikkje så reint liten jobb desse tre skulle utføre og jobben var så absolutt ikkje over, når publikum gjekk heim! Når det i tillegg var så mange som skulle få si vurdering og tilbakemelding, vart det seint på kveld før dei var ferdige. I juryen denne gongen sat: Karianne Vikene og Rebekka Strandmann Hanssen frå Norddal kommune og Marianne Ravn Stavseng frå Stordal kommune.    

Dei tre karane som hadde bidratt til at alt som hadde med lyd og lys å gjere var på stell, måtte også opp på scena for å motta sine gåver og vel fortente applaus. Robin Aasen hadde fått med seg Robert Iversen til å styre med lyssettinga og både lyd og lys vart kjempebra. Også Jan Roger Hauge var med og hjelpte til både backstage og elles. 

Når alle desse hadde fått sitt, var det så klart for å trekkje ut dei heldige vinnarane blant publikum. Med så mange flotte premiar tok det si tid før dei dyktige programleiarane Vibeke Innselset og Ylva Skavøy, hadde fått delt ut alt saman.

Når lokalmønstringa var over og publikum forlet Stordalshallen er ein viss på at alle dei nærare 400 var imponert over alt det dei hadde fått oppleve. Det vil bli alt for omfattande om ein skulle gå inn på alt det som vart presentert i løpet av dei nærare 2 timane, denne kvelden, men ein ting er sikkert og det er at det verkeleg er mange dyktige born og unge i Norddal og Stordal kommune!

Gratulerer til alle som var med og bidrog til slike ei super lokalmønstring og lukke til vidare, alle saman! Dette var kanonbra!

Det er ingen som helst tvil i at juryen hadde ei vanskeleg oppgåve, når dei også skulle sette opp ei prioritert rekkefølgje over dei innslaga som skal gå vidare til fylkesmønstringa. Vi kjem attende med oversikta over ei som vil få tilbod om å gå vidare frå Stordal kommune, i løpet av morgondagen. 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove