Årsfest 2014 - plakat
Både desse seks og resten av Øvrebustgrenda er klare til å ta imot oss på laurdag! ..men altså ikkje på Breidablikk denne gongen! :)
Fotograf: Flan Booking
Trubaduren, Idar Godø, er klar til å skape topp stemning på laurdag! fotograf Flan Booking
Årsfest 2014 - Maria Holand Tøsse
Maria H Tøsse har mange crazy påfunn. Denne gongen med premiere på musikkvideo om Stordal!
Party Express
Frank og Torkjell i Party Express veit også å få opp stemninga!
Årsfest 2014 - Øss legg øss flat
Øvrebustarane legg seg flat! Men kvifor?

Kun fem dagar att til Årsfest 2014!

I skrivande stund er det kun fem dagar att til grenda Øvrebust står klare med Årsfest for Stordalshallen. Dermed er det klart for den 17. Årsfesten i rekkja og vi kan garantere at dette kjem til å bli ei fantastisk flott oppleving.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.02.2014

Sjølv om vi ikkje har peiling på kva grenda har på lur til oss frå revyscena, er vi ikkje i det minste tvil om at dette kjem til å bli ein fantastisk kveld. I tillegg til at vi har hatt gleda av å få oppleve øvrebustarane i aksjon på scena to gongar tidlegare, er også det vi peikar på nedanfor med på å underbygge påstanden vår.

Premiere på musikkvideo om Stordal!

Dei fleste av dykk har sikkert også fått med seg at Maria Holand Tøsse har arbeidd med å lage til ein eigen musikkvideo om Stordal. Med seg har ho også hatt fotograf Camilla Kleppe Nanset og i høve til det som står skrive på facebook-sida til Maria, er det slett ikkje usannsynleg at nettop du også er med i denne musikkvideo´n! 

"Hatt en HAPPY dag ilag med fotograf Camilla og over 500 sporty stordalinga! Det e en DRØM å lage dansevideo i Stordal! Resultatet ser dokke på Årsfesten i Stordal 22. Februar!"

All grunn til å "gruglede" seg her, med andre ord!

Men denne video´n er sjølvsagt berre litt av alt det vi garantert kjem til å få oppleve frå scena. Øvrebustarane har helde på med førebuingar i lang tid no og med tidlegare Årsfestar friskt i minne, ikkje minst også frå denne grenda, er det all grunn til å vente seg ein revy av ypperste merke! 

Legg også merke til at det vert revy både før og etter matserveringa (og legg gjerne også merke til at det er spekemat øvrebustarane har på menyen!)

Eigen trubadur sikrar at det ikkje vert eit einaste dødpunkt! 

Med eigen trubadur på plass, oppnår ein ikkje berre topp stemning, men også at det ikkje vert eit einaste "dødpunkt" for heile kvelden! Når vi så registrerer at det er ingen ringare enn Idar Godø, som har teke på seg oppdraget, vert dette garantert topp! Godø er ein av mange artistar Flan Booking i Ålesund har i sitt "sortiment" og dette artistbyrået har ei fartstid heilt attende til 1979. På nettsida til Flan Booking står det difor ein heil del også om Idar Godø. Vi har henta ut litt av dette her: "Etter noen år med vekselbruk på show karaoke og trubadur bestemte Idar seg for å satse på trubadur virksomheten. Dette gikk umiddelbart meget bra og han ble raskt meget etterspurt over hele landet. Det som kjennetegner Idar er et ustoppelig godt humør og en helt fabelaktig evne til å engasjere publikum. Han synger og spiller og underholder så du blir helt matt:"

For å få med seg det tettpakka programmet for Årsfesten 2014, er det med andre ord heller ikkje rom for å forlate Stordalshallen eit einaste lite øyeblikk! Legg merke til at trubaduren er på plass frå dørene opnar kl 18.30 og at han også vil styre showet frå kl 21.30 til kl 22.30!
 
 

Grom-lyd!

Årsfestarrangørane har henta inn Åge Staurset, som til dagleg er lydansvarleg ved Rokken i Volda, og han har også med seg mykje avansert utstyr. Dette skal m.a. sikre grom-lyd både under revyen og elles. Med seg på laget har Åge også mellom andre Robin Aasen, som denne helga tok hand om lyden under Ungdomens Kulturmønstring på utmerka måte. Men til Årsfesten vert det altså endå meir og betre utstyr! Ingen treng dermed frykte at det vert vanskeleg å få med seg det som vert sagt frå scena.

Ørskog Videoklubb!

Til liks med tidlegare Årsfestar den seinare tid, vil Ørskog Videoklubb også denne gongen vere på plass. Dette bidreg til at dei som får plass lengst bak i idrettshallen også vil kunne fylje med på det som skjer på scena vha overføringa på storskjermen. Kombinerer ein så dette med lydanlegget som Åge stiller med, vil opplevinga ein får under programbiten bli like god, uansett kvar ein sit i idrettshallen.

Når Ørskog Videoklubb gledlegvis stiller opp også denne gongen, er dette sjølvsagt med å sikre at ein får ein ny flott DVD frå Årsfesten i etterkant. 

Party Express gir oss dansemusikken!

Sidan 1990 har Torkjell og Frank spela saman og det er ikkje mange bygdene i Nordfjord og på Sunnmøre, som ikkje har hatt besøk av nettopp Party Express.

nettsida til Party Express, ligg det ute mange av dei låtane dei har på reportoaret sitt. Liten tvil i at dette vert danseglad og svingande musikk. Tostemt vokal bidreg også til å skape høg partystemning. Har du ei eller fleire favorittlåtar, ja sa kan du rekne med at dei to trivelege karane spelar nettopp dei!

Eiga gruppe på facebook med over 1 000 medlemmar!

Arrangørane har for lengst oppretta ei eiga gruppe på facebook og denne tel heile 1 051 medlemmar! Dette seier ikkje så reint lite om den store interessa for årets store fest og det er stadig fleire som ber om å få verte medlem i gruppa. Du kan der finne mykje spanande førehandsstoff, m.a. ein del artige tilbakeblikk. Her er eit par dømer:

Her er eitt av mange artige glimt frå tidlegare Årsfestar i regi av Øvrebust. Formannen i vasslaget er bekymra for vassløysa, men veit likevel råd! 

Karane frå Øvrebust med danseoppvisning.

Den enorme interessa, også på facebook, gir grunn til å tru at det vert eit rekordhøgt publikumstal denne gongen. Dette seier ikkje så reint lite, når ein veit at dette ofte er både 4 og 500 personar til stades på desse arrangementa! På plakaten kan vi lese at dørene opnar kl 18.30 og det vil nok fort bli folksamt inne i idrettshallen då.

Ikkje gløym å tipse slekt og venner då! Dei bør ikkje gå glipp av dette! Garantert!


Prisoverrekkjingar

Dette er også kvelden då Ole Magnar Øvrebust og Robin Aasen skal få utdelt sine vel fortjente diplomar, sjekkar og blomster. Som kjent vart Ole Magnar Øvrebust tildelt Stordal kommune sin kulturpris for 2013 og på laurdag vil dette bli markert. Robin Aasen vart på si side tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend og dette er sjølvsagt det beste høve til å få gitt dei ein skikkeleg stor applaus for den innsatsen dei begge har lagt ned.

Men i all hovudsak skal det altså handle om Øvrebust komande laurdag og om det finst nokon der ute som no ikkje gledar seg til dette, ja då veit ikkje vi! 

Dørene opnar kl 18.30!

Om det skulle vere noko som helst tvil, er det altså på laurdag den 22. februar det skjer!

Sjå gjerne tidlegare førehandsreportasje om Årsfest 2014, med m.a. tilbakeblikk på både Øvrebust sine tidlegare festar og mange andre.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove