Årsfest 2018 - førehandsstoff
Vinjegrenda
Årsfest 2011 - Vinjegrenda på scena
Hallgeir Hove
Etter ein periode der vi hatt gleda av å ta imot den eine gruppa, etter den andre, er det no klart for fleire flotte arrangement. Som vanleg er to av desse lagt til vinterferieveka, der det først er klart for ei ny suveren lokalmønstring av UKM søndag den 18. februar, før vi altså gjer klart for årets høgdepunkt helga etter.
Som vanleg er det ikkje lett å få årsfestarrangørane til å avsløre så mykje på førehand, men vi veit at det har vore særs god oppslutning i grenda og at det er blitt jobba både lenge og vel med førebuingane. Vi har fått tilsendt eit bilde av ein skikkelse vi dreg kjensel på og vidare kan illustrasjonen arrangørane har valgt også vere med å bidra til å pirre nysgjerrigheita vår.
Reportasje frå då grenda Vinje leverte sin suverene årsfest i 2011 (Vinje var også arrangør i 2004, men det var før vi hadde fått på plass eiga heimeside. Men også den gongen var det ein kjempeflott fest)
Det er også oppretta ei eiga hending på facebook og det er grunn til å tru at det kan vere kjekt å halde seg oppdatert på det som skjer der. Kanskje ikkje så dumt å dele denne heller, slik at flest mulig vert minna på at årets store begivenheit nærmar seg no.