Lagerplassen i Stordalshallen er vesentleg betra. No vil vi fordele denne

Både for alle heimehøyrande i Stordal kommune og for mange utanfor kommunegrensene, er det kjent at Stordalshallen har fått på plass eit flott tilbygg til 6,5 millionar. I tillegg til at ein då fekk på plass to nye garderobar og ytterlegare seks toalett, vart det også meir lagerplass. No inviterer vi til møte der vi vil fordele denne lagerplassen til dei brukargruppene som har behov for dette. Vi ser då på dette samla, slik at også bruken av den lagerplassen vi hadde frå før vert med i vurderingane.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.04.2016
Fotograf: Bjørnar Midtbust
Med tilbygg på plass, er også lagerplassen blitt betre. No er det på tide at vi får nytta denne fullt ut fotograf Bjørnar Midtbust

Alle lag, organisasjonar og andre, som nyttar Stordalshallen, vert med dette invitert til å delta på møte, torsdag den 28. april kl 20.00.

Driftsstyret for Stordalshallen vil då også vere på plass og det vil bli dei som avgjer fordelinga - i etterkant - utifrå ei totalvurdering av behova. 

Vi ser fram til ei avklaring på dette og legg til grunn at dei som treng lagerplass, møter opp denne kvelden.



 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove