Langevåg klare for seriestart

Langevåg IL - handball, damer sept 2018 - Klikk for stort bildeLangevåg IL - handball, damer sept 2018 Hallgeir Hove

Når det no er kun vel ei veke att til seriestart for handballen rundt om, køyrde Langevåg sitt gode damelag samling i Stordalshallen denne helga. I tillegg til mange handballøkter, vart det også tid til fleire andre kjekke aktivitetar og ikkje minst vart dette vellukka også reint sosialt.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.09.2018

Langevåg IL - handball, damer sept 2018 - Klikk for stort bildeLangevåg IL - handball, damer sept 2018 Hallgeir Hove Langevåg IL - handball, damer sept 2018 - Klikk for stort bildeLangevåg IL - handball, damer sept 2018 Hallgeir Hove Langevåg IL - handball, damer sept 2018 - Klikk for stort bildeLangevåg IL - handball, damer sept 2018 Hallgeir Hove Langevåg IL - handball, damer sept 2018 - Klikk for stort bildeLangevåg IL - handball, damer sept 2018 Hallgeir Hove

Treningshelga starta på fredagkvelden og siste treningsøkta vart gjennomført eit godt stykke ut på søndagen.

Etter at dei var komne på plass fredagen laga dei til sin eigen lille kinosal i grendasalen, i og med der er prosjektor i taket og kinolerret. Det var også i grendasalen alle måltida vart inntatt. Maten var det forøvrig dei sjølve, som langt på veg hadde laga, i tillegg til nokre dyktige støttespelarar som også var med. Det var også spelarane sjølve som hadde planlagt det heile i minste detalj.

På laurdagen var det også sett av tid til eit besøk i klatreparken i Valldal.

Det vart også organisert ein eigen "Mesternes mester", som inneheldt skuddlaser, handballquiz, 60m, 400m, militærhinderløype på tid, samt planken.

Alt dette, i tillegg til - ikkje mindre enn - fem handballøkter i idrettshallen!

Christian Ytterland er hovudtrenar for dei dyktige damene og han fortel at alle var storfornøyd etter helga. Dei var sliten, men det var ein del av poenget.

"Takk for en flott helg! Dere har et flott anlegg til disposisjon!" (Christian Ytterland, trenar for Langevåg IL, handball)

På Langevåg IL si facebookside, kan ein lese meir og sjå fleire bilder

På laget si instagramside finn du også bilder og i tillegg filmsnuttar frå samlinga

På Stordalshallen si facebookside finn du eige galleri med endå fleire bilder frå samlinga

Vi nyttar høve til å takke for at den supre gjengen valgte å legge samlinga si til Stordalshallen og ynskjer lykke til med dei komande kampane!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove