Langrennsløparane i fylket inntek Stordal!

På fredag førstkomande, er det klart for den 5. utgåva av Stordalshelga i langrenn. Då vil talentfulle utøvarar frå heile Møre og Romsdal vere på plass frå fredag ettermiddag til langt ut på søndagen. Eit dyktig instruktørkorps, saman med ei rad friviljuge i langrennsgruppa vil syte for at dei får ei ny utbytterik samling. Stordalshallen og området rundt, vil elles også denne gongen bidra til at både treningsforholda og det reint sosiale vert topp.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.10.2012
Fotograf: Hallgeir Hove
Her ser vi dei fleste deltakarane på Stordalshelga i langrenn for 2 år sidan fotograf Hallgeir Hove

Når det no er berre 3 dagar att til samlinga, kan arrangørane melde at det er heile 60 påmeldte! Skulle det vere fleire som ynskjer å melde seg på er det opning for dette, men då bør ein truleg vere om seg.

Av instruktørane som deltek, nemner vi Pål Bjørn Øvrebust, Vegard Godø, Lars Anders Hoel, Geir Marius Øie og Runar Korsnes. I tillegg kan arrangørane i langrennsgruppa også skilte med at fleire av elevane ved Stranda Skigymnas, vert med som instruktørar.

Her finn du det meste om dei fire første samlingane til langrennsgruppa, samt info om påmelding m.m.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove