Logo - Låsservice AS
Logo - Låsservice AS
Fotograf: Låsservice Ålesund AS
Bilane til Låsservice Ålesund AS, på rekke og rad fotograf Låsservice Ålesund AS
Fotograf: Låsservice Ålesund AS
Låsservice Ålesund AS held til midt i Ålesund sentrum, nærare bestemt i Røysegata 8 B. Opningstidene er 0800 til 1600, måndag til fredag fotograf Låsservice Ålesund AS
Låsservice Ålesund AS - pris
Låsservice Ålesund AS, er m.a. kåra til Årets MU-partnar: Dette i konkurranse med 40 andre norske låsfirma!

Låsservice Ålesund AS også klare!

Vi har tidlegare slått fast at interessa for å kome med på Stordalshallen sitt profileringskonsept er særs stor. Med det som har skjedd dei siste dagane kan vi slå fast at den aldri har vore større! Her har vi gleda av å presentere endå ein av våre nye samarbeidspartnar, nemleg Låsservice Ålesund AS. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 26.09.2013

Nyleg kom altså Ingeniør Rune Stavseng på plass (sjå eigen reportasje). Så var det altså Låsservice Ålesund AS sin tur. Begge desse får på plass reklameskilt på 2 meter no. I tillegg til desse to har også Hovden Bygg AS bestemt seg for å ta del i konseptet. Dei skal ha eit skilt på 3 meter (vi kjem attende med reportasje). Kun detaljar står vidare att, før vi kan presentere ytterlegare nye samarbeidspartnarar her.

Når vi no får fleire nye samarbeidspartnarar med, skuldast dette at det har blitt litt ledig reklameplass. Situasjonen har nemleg vore den at all ledig reklameplass har vore fyllt opp, heilt sidan sommaren 2009. Det er kun når enkelte verksemder må gå ut av samarbeidet, det opnar seg slike muligheiter og då er det sjølvsagt stas å oppleve den interessa ikkje minst dei siste dagane har synt oss!

Meir om vår nye samarbeidspartnar Låsservice Ålesund AS

Låsservice Ålesund AS vart etablert i august 2006 og har sitt utspring fra Maskin og Skipsutstyr AS. Heile Lås- og Beslagavdelinga vart då skild ut i eit eige selskap der alle dei tilsette vart med over. Dei har no 5 tilsette, har fem servicebilar og opererer over heile Møre og Romsdal, samt ein del også i Sogn og Fjordane.

Ser ein på nettsida til Låsservice Ålesund AS, er det ikkje få prosjekt dei er involverte i. I tillegg til dei mange større prosjekta, tek dei også på seg mindre oppdrag. Dei har eigne butikklokaler i Røysegata 8 B i Ålesund sentrum.

Frå nettsida til Låsservice Ålesund AS har vi henta ut fyljande:

Vi er godkjent Mesterbedrift med Låsesmedmester Atle Rønning, og er autorisert låssystemprodusent for både Møller Undall og Trioving.

Vi sliper alle typer nøkler og leverer alt av lås og beslag, det vi ikke har på lager skaffer vi.

Vi kan tilby konkurransedyktige priser fra ledende leverandører.

Vi er en komplett og trygg leverandør både til privat og offentlig virksomhet.

Vi tilbyr også tjenester som beslagsbeskrivelser og prosjektering.
 

For endå fleire detaljar om vår nye samarbeidspartnar, viser vi til nettsida deira.

Låsservice Ålesund AS er også aktive på facebook og ved å fylje dei der, kan du få med deg dei aller siste nyhendeoppdateringane. 


Vi ynskjer Låsservice Ålesund AS velkomen med på laget!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove