Fotograf: Hallgeir Hove
Dirigent, Rune Huse, sjekkar rodene. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Klar til marsjering. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mykje kjekkare å marsjere innandørs på denne tida av året! fotograf Hallgeir Hove

Lerstad skulekorps med vellukka øvingshelg.

Sist veke opplevde Stordalshallen, som kjent, storinnrykk i høve skiekskursjonen til Spjelkavik videregående skole. Men det var endå fleire gjestar på plass den veka. Ei av gruppene som vitja oss var Lerstad skulekorps. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 19.03.2010

Skiekskursjon frå tysdag til torsdag, kveldssete med May Britt Haukås på torsdagskvelden og besøk frå Rekneskap Høydalsvik AS (på fredagskvelden) vart nemleg etterfulgt av innrykk frå ivrige musikantar frå Lerstad skulekorps på laurdagsmorgonen.

Til liks med Spjelkavik videregående skole, valgte Lerstad skulekorps å kombinere opphaldet ved Stordalshallen med besøk ved Arena Overøye. Mykje av tida på laurdagen gjekk med til å drille inn dette med marsjering og det skulle vise seg at idrettshallen var godt eigna også til dette føremålet. Innimellom øvingsøktene var det kjekt å kunne nytte alt av utstyr i hallen og drive på med leikaktivitet.

På kvelden var det mellom anna fellesmåltid i grendasalen. Der vart det også høve til å sjå film på storskjermen, for den som ville det.

På søndagen var det så klart for tur til Arena Overøye og sjølv om veret dessverre ikkje var det aller beste, vert det meldt om at det var mange som nytta seg av tilboda både i familietraseen og lengre oppe i løypene.

Tilbakemeldingane frå korpsleiinga var positiv der det m.a. vart peika på at Stordalshallen er godt eigna til nettopp slike øvingshelgar og at dei hadde hatt ei flott helg her.    

Lerstad skulekorps er eit aktivt korps som vart stifta i 1977 og har drive eit viktig og bra ungdomsabeid i over 30 år! Du kan finne ut meir om dette, ved å vitje heimesida til korpset. Sjå lenke nedanfor. 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove