Liabygda idrettsskule igjen

Liabygda idrettsskule jan 2018 - Klikk for stort bildeLiabygda idrettsskule jan 2018 Hallgeir Hove

Idrettsskulen i Liabygda, er ei av mange besøksgrupper som kjem tilbake år etter år. I går kveld var dei på plass igjen og då med klatring som hovudaktivitet og i tillegg vart det lagt opp til mykje leik og moro.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 01.02.2018

Liabygda idrettsskule jan 2018 - Klikk for stort bildeLiabygda idrettsskule jan 2018 Hallgeir Hove Liabygda idrettsskule jan 2018 - Klikk for stort bildeLiabygda idrettsskule jan 2018 Hallgeir Hove Liabygda idrettsskule jan 2018 - Klikk for stort bildeLiabygda idrettsskule jan 2018 Hallgeir Hove Liabygda idrettsskule jan 2018 - Klikk for stort bildeLiabygda idrettsskule jan 2018 Hallgeir Hove

Idrettsskulen i Liabygda, er ei av mange besøksgrupper som kjem tilbake år etter år. I går kveld var dei på plass igjen og då med klatring som hovudaktivitet og i tillegg vart det lagt opp til mykje leik og moro. Idrettsskulen hadde med seg eigen instruktør i Vår Tårn. Ho er elev ved Stranda vidaregåande skule og dette er nyttig praksis for ho i og med at ho går på idrettslinja der inne.

Stor takk til Helga Øvrebust og Kjell Mulelid, som nok ein gong stilte opp i klatreveggen og instruerte den ivrige gjengen. Dei let seg imponere over mykje god klatring.

Fleire bilder frå den kjekke økta, finn du i eige bildegalleri på Stordalshallen si facebookside

Om du har lyst, kan du sjå reportasjen frå då idrettsskulen i Liabygda besøkte oss i desember og. (der er også lenker til endå fleire besøk og sjølvsagt lenker til endå fleire bildegalleri)

Så nyttar vi høve til å takke den kjekke gjengen frå Liabygda for denne gong og ynskjer dei velkomne tilbake!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove