Fotograf: Storfjordnytt
Denne gjengen har vunne turneringa heile 10 gongar! fotograf Storfjordnytt
Fotograf: Runar Helland
Mange av deltakarane på turneringa for dei frå 5. t.o.m. 8. klasse samla fotograf Runar Helland

Liabygda med sin 10. siger i Grendacupen!

Tradisjonane tru, vart Grendacupen avvikla i romjula. 2. juledag var både små og store samla i Stordalshallen, der grendene skulle møtast til meir eller mindre høgtidleg kappestrid. I turneringa for dei eldste var det nok ein gong laget frå Liabygda som trekte det lengste strået.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.01.2013

Grendacupen starta med turnering for dei yngste spelararne (5. t.o.m 8. klasse) og oppslutninga var særs stor. Ja, faktisk var det slik at enkelte av laga hadde dobbelt opp med spelarar og vel så det. Kjekt å registrere den store interessa for å delta og kanskje vil det difor bli behov for å dele opp i endå fleire lag, framfor neste turnering? Det er ikkje til å legge skjul på at det er stas å få med seg dei unge i aksjon og ekstra stas er det sjølvsagt også at mange av dei ute på parketten er born og unge på juleferie "heime" i Stordal.

Grendacupen vart første gong arrangert i 1996. I løpet av dei 17 gongane fotballturneringa er blitt arrangert, har laget frå Liabygda vunne heile 10 gongar. Dette er ikkje mindre enn imponerande. Denne gongen var det rett nok med knappast mulig margin, etter at det måtte både ekstraomgongar og straffekonkurranse til, før laget frå Øvrebust-grenda var slått. 

Resultata frå sluttspelet syner kor jamnt og spanande det heile vart:

Semifinalen mellom Hovslia-Liabygda, enda med 1 - 2.

Semifinalen mellom Øvrebust-Vinje, enda med 2 - 1.

Bronsefinalen mellom Vinje og Hovslia enda med 6 - 3 siger til Vinje.

I finalen mellom Liabygda og Øvrebust, stod det 0 - 0, både etter ordinær tid og etter at ekstraomgongar var unnagjort. Her vart altså det heile avgjort på straffespark, der heile elleve skot måtte til før vinnaren kunne kårast!


Arrangørane frå fotballgruppa i Stordal IL, fortjener ros for vel gjennomført arrangement, med mellom anna god speakerteneste, god kampavvikling, stemningsfull musikk og flott kafe.

Sjå reportasje på Storfjordnytt si nettside

Sjå gjerne vår førehandsreportasje for meir

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove