Magnus held ord!

Då har vi gleda av å kunne annonsere at den dugande dansaren Magnus Emaka Einang er klar for å kome hit og halde nytt dansekurs. Med tanke på kor populært det var å ha besøk av han i oktober i fjor, er det all grunn til å tru at alle ynskjer å delta på dette.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.03.2013
Fotograf: Hallgeir Hove
Verkeleg stas å oppleve Magnus i aksjon og liten tvil om at deltakarane lærte særs mykje! fotograf Hallgeir Hove

Denne gongen vert kurset gjennomført i regi av Stordal kulturskule og det er i veke 15 han tek turen over frå London, der han held til. Kurset vil gå over to kveldar og det er måndag 8. og torsdag 11. april du kan få dette med deg. Dermed held altså Magnus ord, når han lova å kome tilbake hit til oss. Dei mange læreviljuge og flinke deltakarane sist gong, var nok ei medverkande årsak til nettopp det.  

For å få betre kjennskap til kva denne profesjonelle dansaren står for, viser vi til reportasjane vi laga om han i oktober 2012. Valet bør vere enkelt!

Rektor ved kulturskulen har laga eigen invitasjon til kurset. Dette finn du som pdf nedst på sida her. I tillegg er dette sendt med heim i sekken til alle elevane ved Stordal skule.

Legg merke til at ein er blitt nøydd til å sette relativt kort påmeldingsfrist her! 

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove