Mange arrangement og aktivitetstilbod også denne jula

Grendacup 2017 - 5. t.o.m 8. klasse - Klikk for stort bildeGrendacup 2017 - 5. t.o.m 8. klasse Hallgeir Hove

Også denne jula er det mange kjekke arrangement og aktivitetstilbod for små og store, som måtte ha lyst og anledning til å vere med. Vi har alt lagt bak oss ei rad flotte konsertar og skulen si supre juleavslutning, men også tida framover har ein heil del å by på.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.12.2018

Stordal IL  100 år - logo.jpg - Klikk for stort bildeStordal IL 100 år - logo.jpg Stordal bedehus  - Klikk for stort bildeStordal bedehus Hallgeir Hove Open hall 29. des 2017 - Klikk for stort bildeOpen hall 29. des 2017 Hallgeir Hove Stordal Fjellservice sine løyper er suverne  - Klikk for stort bildeStordal Fjellservice sine løyper er suverne Hallgeir Hove

Onsdag 26. desember (2. juledag): Grendacup 2018

Torsdag 27. desember (3. juledag): Tur til Mosætra i høve Stordal IL sitt 100 årsjubileum

Fredag 28. desember (4. juledag): Juletrefest ved Stordal Bedehus kl 17.00

Laurdag 29. desember (5. juledag): "Open hall" i Stordalshallen

I tillegg til dette annonserer Arena Overøye med at det blir ope der, alle dagar untatt den 24. og den 25. desember.

Stordal Fjellservice tilbyr - som alltid - ypperlege turmuligheiter innover fjellet og du kan halde deg oppdatert på når dei køyrer løyper vha skisporet.no

Nytt no, er det også at vi har fått på plass to postar som inngår i den nystarta turkonkurransen kalla; Stikk UT! Ski

Ved Stavsengfjellet skisenter har det vore flotte forhold i lysløpa (langrenn) og om verforholda ikkje skulle bli for dårlege, vil det bli muligheiter også der.  

 

Om du har lyst til å ta eit lite tilbakeblikk på ein del av alt det som har skjedd innan kulturfronten tidlegare dette året og forsåvidt heilt tilbake til 2006, kan du gjere det også her.

Då håper vi at det er mange som vil nytte alle desse kjekke tilboda/muligheitene og avsluttar gjerne med å ynskje både små og store ei retteleg god jul!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove