Det tredje folkemøtet med kommunereforma som tema, vart avvikla i Stordalshallen torsdag den 14. januar. Folkemøtet var organisert etter eit opplegg kalla "Open Space" og nærare 80 stordalingar var på plass.
Det var Hege Steinsland som hadde regien på opplegget og for å lese meir om det heile, viser vi også til rapporten som er utarbeidd i etterkant. Du finn denne på Stordal kommune sin reportasje om kommunereforma. Der finn du m.a. også resultatet av undersøkinga utført blant dei unge mellom 12 og 19 år no.
Les elles meir om opplegget på folkemøtet sist torsdag, i eigen førehandsreportasje