Manglar kun kr 2.700 før ein passerer kr 400.000!

Gåveaksjonen til Stordal IL, i samband med realiseringa av tilbygget ved Stordalshallen går så det susar, uansett kva Aftenposten måtte velje å skrive! I skrivande stund manglar det knappe tre tusen kroner, før ein rundar firehundre tusen! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.12.2013
Stordal IL, logo
Stor oppslutning kring gåveaksjonen!

Klart vi held fram med å få på plass anlegg i lokalsamfunnet vårt og viljen til å stille opp viser seg vere like stor som alltid. Slik sett vert reportasjen i Aftenposten nyleg, noko misvisande eller mangelfull, i høve til det som er realitetane når det gjeld viljen til nettopp dette.

Stordal IL sin aksjon kan de lese meir om i våre tidlegare reportasjar.

I endå fleire reportasjar har vi synleggjort og dokumentert at det eine anlegget, etter det andre, har kome på plass dei siste åra. Ikkje minst har vi også dokumentert ein enorm aktivitet på ved alle desse!

Men attende til gåveaksjonen til Stordal IL. Nedst på sida her, finn du den sist oppdaterte oversikta vi har fått inn frå idrettslaget. Lista er nå så lang at vi slit med å presentere den som eit bilde. Difor viser vi til pdf´n vedlagt her.

Det skal bli spanande å sjå kor mange nye som er komne med i løpet av romjula!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove