Fotograf: Britt Ingunn Maurstad SN
Dyktige born og unge i sving fotograf Britt Ingunn Maurstad SN
Fotograf: Britt Ingunn Maurstad SN
Folkedanskafe fotograf Britt Ingunn Maurstad SN
Fotograf: Britt Ingunn Maurstad SN
Ole Magnar Øvrebust er ein instruktørane/leiarane og det er liten tvil om at han kan meir enn å gå langrenn! At han stiller opp, ja det veit vi frå før! fotograf Britt Ingunn Maurstad SN
Fotograf: Britt Ingunn Maurstad SN
Arrangørane måtte bere til meir bord og stolar for å få plass til alle fotograf Britt Ingunn Maurstad SN

Måtte sette ut ekstra med bord og stolar!

Sist søndag inviterte folkedansgruppa til Folkedanskafé på Stordalshallen. Det skulle vise seg at responsen frå publikum var langt større enn det arrangørane hadde håpa på og dei måtte faktisk bere til meir av både bord og stolar for å få plass til alle. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.04.2016

Folkedansgruppa for barn her i Stordal har av og til øving i lag med danseringen i Sykkylven, då det er kjekt å vere fleire og det bli endå meir sosialt. Denne gongen var det Stordal sin tur å invitere til øving og dei bestemte seg like godt for å invitere bygdafolket med, slik dei fekk vist fram noko av alt det dei flinke deltakarane har lært. Dermed var det altså klart for den første folkedanskafe i leikarringen sin regi.

Nokre foreldre baka kake, medan andre hjalp til med å utføre opplegget. Det var sal av kaker, pølser, kaffe og saft. I tillegg eigen tombola.

Men det dei altså ikkje var heilt forberedt på, var at det kom så mykje folk. Det vert meldt om langvegsfarande gjestar frå både Selje og Hareid, i tillegg til folk frå Skodje og andre nabobygder. Heile grendasalen var dermed full, noko som sjølvsagt var særs kjekt, når ein først skipar til slikt. Truleg hadde det hatt sin effekt å legge ut informasjon om arrangementet på facebook.

Dansegruppa i Stordal består av 13 barn og unge, i alderen 5 til 15 år og det er all grunn til å hevde at dei er aktive og at dei opplever at interessa for å vere med er god. Dei øver kvar onsdag i grendasalen og etter dei er det dei vaksne sin tur. Ein kan trygt slå fast at det er Populært med folkedans!

Sjå gjerne også førehandsreportasjen vår for meir.

Ikkje minst kan du sjå fin reportasje også på Storfjordnytt si heimeside! Stor takk til Britt Ingunn Maurstad også for flotte bilder!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove