Meir futsal!

Til helga er det klart for den andre, av totalt fire, futsalhelgar i Stordalshallen denne vinteren. På ny vil hundrevis av fotballspelarar i alderen 10 til 12 år vere på plass saman med mange skuelystne på tribuna.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.12.2013
Fotograf: Hallgeir Hove
Ørskog og Skodje sine J 12 jenter kunne begge juble, etter kampen seg i mellom den 24. november fotograf Hallgeir Hove

Laurdag den 14. desember er det jentene som skal i aksjon og då kan vi m.a. også fylje med på korleis det går med Stordal sine J 10 - og J 11 jenter. På søndagen er det så gutane sin tur og også der har Stordal med lag i desse årsklassene.

Sjå kampoppsettet for helga, som pdf nedst på sida.

Totalt er det 106 lag med på futsaserien som altså vert avvikla rundt om i heile fotballkretsen.

Sjå gjerne tidlegare reportasjar for alt om Sunnmøre Fotballkrets sin særs populære futsalserie.

Bildegalleri frå laurdag 23. november

Bildegalleri frå søndag 24. november


VELKOMEN TIL EI NY FLOTT FUTSALHELG I STORDALSHALLEN!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove