Fotograf: Hallgeir Hove
Stor stemning i hallen, også onsdagskvelden! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Instruktørane var imponert over deltakarane fotograf Hallgeir Hove

Meir taekwon-do!

I går kveld var det dei frå 5. klasse og oppover, som fekk vere med på taekwon-do i Stordalshallen. Til liks med økta på måndag var deltakarane særs nøgde med opplegget. Instruktørane let seg også imponere over både innsatsviljen og ferdigheitene til dei mange som var med.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.06.2013

Det var 16 deltakarar med på opplegget, som er ein del av Barnas Supersommar, også denne kvelden, og dermed 32 totalt sett fordelt på dei to dagane. Suverent!

Ikkje minst det at så mange kom i går kveld er ganske så imponerande, når ein tenkjer på kor mykje anna det er som skjer for tida. Vi veit at J 16 laget var opptekne med kamp på Harøya, vidare spela både J 13 og G 13 kamp denne kvelden. (vi veit også at det enda med siger for dei alle, der hhv Harøy, Hødd og Aafk vart sett på plass) I tillegg hadde både 5. klasse og 8. klasse avslutningsfest, i grendasalen var det teaterframsyning og på ungdomsklubben, som kjent songseminar! Truleg var det endå meir..

Om ein ser på alt som skjer opp mot talet på born og unge i Stordal, er det vel knapt nokon annan stad som kan måle seg med dette. Ein rekk i alle fall ikkje å kjede seg, skulle ein tru..

Stor takk til Ronny Eidsvik og Erik Heggem frå Ålesund Taekwon-do klubb, for to supre kveldar der over 30 born og unge fekk eit innblikk i kor kjekt det kan vere å halde på med denne fine idretten! Takk også til Eilif Falch, frå Valldal Taekwon-do, som stilte på begge kveldane.

Du finn mange fleire bilder frå dei kjekke opplegga på Stordalshallen si facebookside!

Sjå gjerne også reportasjen vår frå økta då dei yngste var i aksjon.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove