Yoga i Stordalshallen
Yoga i Stordal
Fotograf: Privat
Merete Myklebust kan yoga! fotograf Privat

Meir yoga!

I og med at yoga-kursa til Merete Myklebust er blitt så populære, har ho gått med på å køyre på med 6 måndagar til også etter påske! Då blir det fokus på det ein kan kalle for kraft-yoga, der det er litt ekstra vekt på styrke og smidigheit.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.03.2016

I tidlegare reportasjar, har vi kome inn på kor populære dei er, desse kursa til Merete Myklebust. Det er no ein gong att før påske, men så startar ho altså opp med seks måndagar til rett etter påskeferien.  

KRAFT- YOGA
Her blir det kjente klassiske yogastillingar. Det vil vere enkeltståande øvingar, men mest seriar av øvelsar med fleire gjentakingar på dette kurset. Det blir lette pusteteknikkar i programmet, men ikkje store pusteøvingar (pranayama). Pust blir lagt vekt på i yoga og blir sjølvsagt med i øvingane. Her blir gode tøyingar og lange avsluttande avspenningar/yoga nidra på ca. 15 minutt. Etter endt kurs vil du kjenne deg meir sterk og smidig. 


STAD: Stordalshallen (grendasalen)
TID: Kl. 18.30 - 20.00
PRIS: Kr. 1050,-. 6 måndagar.
Kurset passar for både nye og øvde yogautøverar.

PÅMELDING: Merete på tlf. 90570674

eller e-mail: life@meretesgarden.no


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove