Verda
Verdensdagen den 10. oktober vert markert over heile verda
Mental Helse
Mental Helse Stordal er lokal arrangør for sjette gonge i år
Fotograf: Mental Helse Stordal
Anna Margrethe Drægebø Moe er sentral i laget og står også bak eit imponerande arbeid på laget si heimeside fotograf Mental Helse Stordal
Fotograf: Mental Helse Stordal
Aktivitetane innan laget er særs mange og varierte. Her er det akedag i Grigåsbakkane! fotograf Mental Helse Stordal

Mental Helse Stordal klar med ny markering av Verdensdagen

Verdensdagen er, som det ligg i namnet, ei verdsomspennande markering.  Årets tema her til lands er; ”Vær med! Spre kunnskap og snakk sammen.” Det er Mental Helse Stordal som er lokal arrangør og i år er det faktisk sjette gongen dei står bak.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 27.09.2012

Verdensdagen 2012 har som mål å spreie kunnskap og skape dialog om kva som fremjar god helse i kvardagen for ein sjølv og andre. I tillegg ønskjer ein å synleggjere lokale lågterskeltilbod som kan førebygge psykiske helseplager.

Dei lokale arrangørane, Mental Helse Stordal, jobbar særs godt året rundt, noko ein også får stadfesta om ein vitjar heimesida til laget. I samband med Verdensdagen, som altså på verdensbasis er den 10. oktober, vil dei ha ekstra fokus på temaet utpeika her til lands. 

Både møte og stand

For første gong, satsar arrangørane også på eigen stand i samband med markeringa. Dette skjer på laurdag 6. oktober og dei vert då å treffe på Allmenningen frå kl 11.30 og utover.

Møte vert det sjølvsagt også denne gongen og det kan alle få med seg på tysdag 9. oktober kl 19.00. Som vanleg vil dette finne stad i grendasalen (Stordalshallen).

Les meir om både verdensdagsmarkeringa og om mykje anna Mental Helse Stordal får utretta, på laget si flotte heimeside.  (du finn m.a. også ei opplisting av dei mange spanande aktivitetstilboda laget står bak, der! Legg elles merke til kor flott alt det dei er med på vert presentert i nyhendedelen!) 

Les gjerne også reportasjen vår i samband med at Anna Margrethe Drægebø Moe, tidlegare i år, fekk tildelt pris for sin store innsats. 

Reportasje frå markeringa i 2011, kan det også vere kjekt å sjå attende på. 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove