Mental Helse Stordal med 10 årsjubileum!

Mental Helse Stordal - Akedag - Klikk for stort bildeMental Helse Stordal - Akedag Mental Helse Stordal

Søndag 6. november var det stor feiring av lokallaget til Mental Helse i Stordalshallen. Laget vart skipa den 9. november 2006 og heile det første året, var dei berre åtte medlemmar. Men etterkvart har laget vakse til nærare 60 medlemmar og ein kan vise til eit aktivitetsnivå som enkelt og greit berre er eineståande.Laget har verkeleg sett spor etter seg desse åra og har lagt ned ein enorm innsats i lokalsamfunnet.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.11.2016

Mental Helse Stordal - 10 år - Klikk for stort bildeMental Helse Stordal - 10 år Alfhild Midtbust Mental Helse Stordal - 10 år, gocart - Klikk for stort bildeMental Helse Stordal - 10 år, gocart Mental Helse Stordal Mental Helse Stordal - 10 år, stand - Klikk for stort bildeMental Helse Stordal - 10 år, stand Mental Helse Stordal Anna Margrethe Drægebø Moe, leiar i Mental Helse Stordal  - Klikk for stort bildeAnna Margrethe Drægebø Moe, leiar i Mental Helse Stordal Alfhild Midtbust

Mental Helse sin visjon er at alle har rett til eit meiningsfylt liv, og ei oppleving av eigenverd og meistring - og sanneleg har lokallaget i Stordal bidratt i arbeidet for å nå denne visjonen!

Etterkvart som medlemsmassa auka, har det blitt både to og tre aktivitetar pr veke og det er knapt nok ikkje noko denne aktive gjengen ikkje har vore med på. I tillegg til å arrangere opplevelsesturar i Stordal sitt nærområde, har det blitt ei rad ulike kurs og andre tilstellingar. Det har blitt gocart-køyring, bowling, aking og mykje, mykje meir. Nesten kvart år har dei delteke på Jentebølgen og dei har hatt turar til operaen på Nordfjordeid, vore med på tur med Hurtigruta, for å nemne noko.

Noko som også særmerkjer det omfattande arbeidet som vert lagt ned, er at laget også har ei flott nettside. Denne kom på plass i 2012 og året etterkvart hadde dei også si eiga facebookside. Laget mottok også prisen for beste heimeside i 2012. Meir om både det og mykje anna, i lenkene nedanfor. M.a. finn du lenke til reportasje frå då Anna Margrethe Drægebø Moe (noverande leiar) vart tildelt Inspirasjonsprisen i 2012. Blant dei mange eldsjelene i laget, er det nok liten tvil om at nettopp Anna Margrethe har spela ei sentral rolle. Ikkje minst når det gjeld det som har med heimesida å gjere, har ho nok vore uunværleg. Laget har også gjort ein god jobb i høve til å skaffe midlar til å gjennomføre alt dette positive. Ikkje minst nemner vi at dei har motteke over 200.000 kroner frå Extra-stiftelsen. Anna Margrethe er leiar i laget i jubileumsåret, etter at ho overtok vervet av ei anna driftug dame, nemleg Ingrid Løset.

Gjennom aktiv deltaking og representasjon i ulike utval, både lokalt og regionalt, har laget også spela ei viktig rolle i høve til å trykkje på for at det nettopp skal fokuserast meir på arbeidet inn mot mental helse. M.a. har laget arbeidd aktivt for at Stordal kommune skal ha psykisk helsearbeidar i 100% stilling, noko dei også har lukkast med.

I tillegg til alt det dette laget steller i stand på eiga hand, er Mental Helse Stordal som regel alltid medarrangør når andre ynskjer få til noko som kan betre helsa vår. Ja, eigentleg uansett kva det måtte vere, så lenge det kan vere til hjelp for andre, så stiller Mental Helse Stordal opp. Kanskje ikkje minst dette, gjer at det ikkje er råd å måle i kroner og øre, kor verdfullt laget er for lokalsamfunnet vårt.

Under den fine markeringa i Stordalshallen, var det mange på plass for å gratulere jubilanten. Blant dei var også leiaren for Mental Helse Møre og Romsdal, Laila Helen Langerud og varaordførar Kjersti Ruset Hjelle. Varaordføraren hadde også fokus på den betydninga laget har for lokalsamfunnet vårt og at det har vist seg vere plass for "nykomaren". Jubilanten kunne by gjestane på både middag, kaker og kaffe og undervegs - og innimellom festtalar og helsingar - vart det også plass til underhaldning. Det var Mathilde Vinje Øvrebust og Robin Aasen, som sytte for den. To av mange unge i Stordal, som har utmerka seg både på scena og i andre samanhengar. (m.a. har dei begge motteke Stordal kommune sitt kulturstipend)

Takk til Alfhild Midtbust for dei mange fine bilda ho hadde teke. Sjå fleire av dei i eige galleri på Stordalshallen si facebookside. For dei som var med på jubileumsmarkeringa vart det også tilbakeblikk på mykje av det laget har vore med på i alle desse åra, ved at Anna Margrethe tok festlyden med på ein bildekavalkade på storskjermen.

Med dette vil vi nytte høve til, nok ein gong, både å takke og å gratulere Mental Helse Stordal med 10-årsjubileet!  

 

Her er eit utdrag reportasjar som omhandlar Mental Helse Stordal og det er sjølvsagt mange, mange fleire. I tillegg kjem alt det laget har fått i stand, saman med andre lag og organisasjonar, kommune med fleire. Ikkje minst vil deira eiga nettside vere den beste dokumentasjonen på alt det dei har bidratt med. Sjå lenke nedst på sida her. Dei har faktisk lagt ut over 300 artiklar på sida si, noko som tilsvarar om lag 60 pr år!

Vi skal ha det løye! - 31. mars 2011 (Storfjordnytt)

Endå fleire aktivitetstilbod! - 5. mai 2011 (Stordal kommune)

Fin markering av verdsdagen for psykisk helse - 10. november 2011 (Stordal kommune)

Pensjonistar på datakurs - 9. februar 2012 (Storfjordnytt)

Nye kurs i data og biletredigering - 9. februar 2012 (Stordal kommune)

Anna Margrethe Drægebø Moe mottek inspirasjonsprisen - 24. april 2012 (Stordal kommune)

Flott markering av Verdsdagen! 19. oktober 2012 (Stordal kommune)

Meir Extramidlar til Mental Helse Stordal! - 12. desember 2013 (Stordal kommune)

Kjekt lokallagstreff i Stordalshallen - 27. august 2013 (Stordalshallen)

Mental Helse Stordal har den beste nettsida! - 6. februar 2013 (Stordal kommune)

Mental Helse Stordal, stadig like aktive! - 18. september 2014 (Stordal kommune)

Ny flott markering av Verdensdagen for psykisk helse! - 25. oktober 2014 (Stordal kommune)

Velkommen til trim og bokbad! - 11. november 2015 (Stordal bibliotek)

Kjekt med stand i Stordal - 7. oktober 2016 (Møre og Romsdal Mental Helse)

Særs gjevande markering av Verdsdagen! - 11. oktober 2016 (Stordalshallen)

Mental Helse Stordal har blitt 10 år - 10. november 2016 (Mental Helse Møre og Romsdal)

Ein alldeles imponerande stor aktivitet vert synleggjort og dokumentert på Mental Helse Stordal si eiga nettside! 

Sjølvsagt oppmodar vi alle til å fylje Mental Helse Stordal på facebook og kvifor ikkje bli med saman med denne supre gjengen?

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove