Merete med yoga-tilbod også denne hausten!

Merete Myklebust - yoga - Klikk for stort bildeMerete Myklebust - yoga

Merete Myklebust opplever stor suksess med dei mange tilboda ho står bak, ved Meretes Garden i Valldal. Heldigvis er det likevel slik at ho - også denne hausten - har sagt ja til å ta turen til Stordalshallen måndagskveldane frå den 10. september og nesten heilt fram til jul. Dermed kan ein altså få med seg dette populære yoga-tilbodet her i Stordalshallen, også denne hausten.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.08.2018

Merete Myklebust - yoga - Klikk for stort bildeMerete Myklebust - yoga Yoga i grendasalen - Klikk for stort bildeYoga i grendasalen

 

Når det no nærmar seg oppstart og det er på tide med påmelding, er Merete klar på at det absolutt ikkje er noko som helst problem at det kjem nye til, i tillegg til dei som har vore med på yoga-kursa tidlegare. Om ein lurer på om dette er bra trening, er det berre å spørre dei som har vore med tidlegare. For dei har Merete blitt så å seie uunværleg.

Det er altså på måndagskveldane ein får med seg dette tilbodet og då i grendasalen frå kl 18.00 og fram til kl 19.30.

Om du ynskjer meir informasjon, kontaktar du berre Merete slik:

Telefon:  905 70 674 E-post: life@meretesgarden.no

 

Så vil vi sjølvsagt også at du besøkjer den flotte nettsida til Meretes Garden

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove