Logo - Merete's Zen Garden
Dette flotte skiltet er snart på plass i Stordalshallen!
Merete Myklebust
Merete Myklebust driv Merete´s Zen Garden

Merete´s Zen Garden også med!

Merete´s Zen Garden er vår nyaste samarbeidspartnar. Som kjent er det slik at all ledig reklameplass i Stordalshallen er oppteken, men av og til opnar det seg likevel muligheit for å kome med. Merete Myklebust, som altså driv Merete´s Zen Garden i Valldal, har no nytta slikt høve. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.12.2013

Det er sjølvsagt særs kjekt for oss å få med nettopp Merete´s Zen Garden på laget. Ikkje minst fordi dei tilboda ho har fått på plass verkar særs spanande.

No er det ikkje berre i Valldal du kan få med deg desse tilboda. Ho tilbyr nemleg også regelmessig klassisk yoga og meditasjon både på Stranda og ved Hotel Union i Geiranger. Nyleg starta ho også opp med kurs i Stordalshallen og dei om lag 25 plassane forsvann på ein blunk. Dei som ikkje fekk plass på den første kursrekkja over 8 måndagskveldar, kan håpe på å få kome med, når nytt kurs startar opp i slutten av januar 2014. Den gode responsen på det første kurset gjer at Merete vurderer å utvide det komande kurset til heile 10 veker.

Frå den særs flotte og informative heimesida til Merete´s Zen Garden, har vi henta ut eit par sitat:

"Velkommen til Merete's Zen Gardens hjemmeside. Her vil du finne litt informasjon om de forskjellige tilbud og aktiviteter hagen har å by på innen terapi og zen . Familiens gartneri i Valldal er gjort om til et kurssenter for personlig vekst, retreats og terapi. Merete er midt i prosessen med å bygge opp en terapihage med japansk sansehage (zen garden), frukt- og urtehage. Senteret ligger i Norddal kommune, kjent for sitt vakre fjord- og fjellandskap bekreftet av Unesco som har gitt det plass på verdensarvlista".

"Det finnes ingen fasit på hvordan livet skal leves. Vi blir formet av oppvekst, kultur, miljø og det livet gir oss av utfordringer. Men vi kan påvirke og forme våre liv i ønskelig retning hvis vi velger å leve bevisst og ønsket om endring er sterkt nok. Her i zen-hagen blir det mulig å delta i aktiviteter som kan hjelpe til i prosessen med å jakte på den du er og utvikle din egen identitet. Et sted hvor en kan få næring, la knopper briste og folde seg ut i full blomst! Aktivitetene som tilbys, er inspirert og fundert i både østlig og vestlig filosofi og psykologi, og vil appellere til hele mennesket, både sinn, kropp og ånd".

Det er nok ikkje til å legge skjul på at vi er heldige som har slike unikt flotte tilbod i regionen vår og vi er overtydd om at det kjem til å bli særs mange som kjem til å nyttegjere seg av dei i tida framover.

Vi ynskjer Merete´s Zen Garden velkomen med på laget!

I vårt nyhendearkiv, kan du sjå meir om dei andre nye samarbeidspartnarane våre denne hausten.

Her finn du oversikt over alle våre nærare 100 samarbeidspartnarar.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove