Merete startar opp att måndag 19. januar

Merete Myklebust driv Merete´s Zen Garden. Noko av det ho tilbyr, er yogakurs og det er etterkvart mange som deltek, også på kursa ho køyrer i Stordalshallen. Som tidlegare år, vert det slikt tilbod på måndagskveldane framover. Oppstarten vert den 19. januar, så no bør du vere om deg og melde deg på! Du kan også velge å ta ein prøvetime, for å finne ut at dette er noko for deg.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.01.2015
Fotograf: Privat
Merete Myklebust står bak dei populære yogakursa fotograf Privat

Nedanfor presenterer vi Merete si nyttårshelsing, slik du kan sjå korleis det heile vert lagt opp framover.

Godt nytt yogaår!

Det blir yoga i grendasalen også i år. Det er veldig kjekt å slå fast at mange ønskjer å fortsette sin yogapraksis. Alle de som har delteke på yogakurs før kan no velge om de vil gå vidare på eit fortsettelseskurs eller gå på eit grunnkurs. Det er heilt vanleg å gå fleire grunnkurs før ein fortsette. De som ønskjer begynne på eit fortsettelseskurs vil ikkje merke ein stor overgang. Det blir hovedsakleg kjent stoff, men ei fordjuping og vidareutvikling likevel. "Slow is fast" kan vel seiast å gjelde innan yoga. Her gjeld det ikkje å skunde seg eller prestere, meir å vere der ein er til ei kvar tid og på den måten merke framgang.

Vi har fått tildelt følgjande tider i Stordalshallen: Måndagar kl. 18.30 - 20.00 for fortsettelseskurset og kl. 20.00 - 21.30 for grunnkurset.

Påmelding skjer ved at du sender meg ein mail eller sms om kva kurs du ønskjer delta, og betalar inn kursavgift på kontonr. 40602663711.
Et kurs kostar 1350,- 8 gongar a 1.5 time
Prøvetime: drop-in kr. 180,-.

Venleg helsing
Merete Myklebust
-------------------------------
Merete's Zen Garden
Adr: Døving, 6210 Valldal
Mob.nr: 90570674,
e-mail: post@mereteszengarden.no
www.mereteszengarden.no


Sjå gjerne også våre tidlegare reportasjar for meir om dei flotte kursa til Merete!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove