Jan Sørbø
Jan Sørbø er daglig leder for Moa Revisjon AS. Han er statsautorisert revisor/siviløkonom
.
.

Moa Revisjon AS har kome med på vinnarlaget!

Vi har no gleda av å få ynskje Moa Revisjon AS velkomen som vår nye samarbeidspartnar. Det har gått ei tid, sidan sist vi kunne presentere nye verksemder med på laget. Dette skuldast rett og slett at det ikkje har vore ledig plass før no. Det vil verkeleg bli lagt merke til at Moa Revisjon AS no kjem på plass! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.12.2015

Det er veldig kjekt for oss å kunne presentere vår nye samarbeidspartnar og med alt det positive fokuset, den store interessa for alt det som skjer ved Stordalshallen, og ikkje minst med tanke på innhaldet i vårt omfattande profileringskonsept, er vi overtydd om at også Moa Revisjon AS vil bli like tilfreds med oss, som våre 100 øvrige samarbeidspartnarar.  

Moa Revisjon AS er - som namnet tilseier - eit revisjonsfirma og dette er lokalisert i Ålesund kommune, nærare bestemt på Moa og då i Daaeskogen Næringsbygg vegg i vegg med kjøpesentera der. Selskapet er ei vidareføring av tidlegare Sørbø Revisjon, som vart stifta i 1999.

På Moa Revisjon si nettside kan vi vidare lese fyljande:

"Vi er fem flinke ansatte hvor alle har utdanning innen revisjon og autorisasjon som registrerte revisorer og statsautorisert revisor.

Vi tilbyr tjenester innen lovpålagt revisjon av årsregnskaper men tilbyr også bistand i forbindelse med utarbeidelse av årsregnskap, stiftelse, omstrukturering, attestasjoner, skatte og avgiftsrådgivning."  

Du kan lese mykje meir om kva Moa Revisjon AS har å tilby på nettsida deira 

Vi ynskjer med dette vår nye samarbeidspartar Moa Revisjon AS, velkomen med på vinnarlaget!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove