Møre Beslag AS
Møre Beslag AS
Møre Beslag Ålesund
Besøksadressa i Spjelkavik: Brusdalsvegen 169, 6011 Ålesund
Møre Beslag - Molde
Besøksadresse i Molde: Eikremsvingen 4, 6422 Molde
Møre Beslag - Kristiansund
Nordmørsveien 54, 6517 Kristiansund N
Møre Beslag - Ulsteinvik
Saunesvegen 10, 6065 Ulsteinvik

Møre Beslag AS har også inngått avtale og er klar for vinnarlaget!

Det er med stor glede vi no kan meddele at også Møre Beslag AS er på plass på vinnarlaget. Dette er også ei ny stadfesting på kor populært vårt profileringsopplegg er blitt og i tillegg til dei mange nye dei siste månadane, er det endå fleire som har signalisert at dei ynskjer å få kome med.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.04.2016

For å synleggjere den store interessa, kan vi i tillegg til å slå fast at det no er ganske så nøyaktig 100 verksemder med, nemne at fyljande verksemder kom på plass rett før jul: Moa Revisjon AS, Bunnpris Sjøholt og Stordal Fysikalske. I løpet av dei første månadane av 2016 har ytterlegare nye verksemder kome med på vinnarlaget. Dette er: Machine Control AS, Polyform AS, Rongve Sport og Nordplan AS. Neste verksemd på plass no, er altså Møre Beslag AS.

Når vi studerer heimesida til Møre Beslag AS, finn vi mykje informasjon om det verksemda tilbyr og elles får vi stadfesta det vi trudde frå før, nemleg at dette er ein markant aktør innan fagområdet. Det vi ikkje har tenkt over tidlegare, er kor stort område verksemda dekkjer og kanskje ikkje minst det at dei faktisk "tilbyr i dag de fleste tjenester innenfor sikkerhet som f.eks. adgangskontroll, overvåking og alarmer."

"Møre Beslag AS er regionens største sikkerhetssentre. Vi leverer det meste av sikkerhetsprodukter som låssystemer, adgangskontroll, overvåking og alarmer.

Vi er representert i Kristiansund, Ulsteinvik, Volda, Ålesund og Molde og vil således kunne rekke ut til hele Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane på kort tid. Dersom du f.eks. har vært uheldig og mistet nøkkelen, døren har gått i vranglås eller du har behov for sikre eiendommen etter en uønsket hendelse, så er vi 28 høyt kvalifisert og motiverte medarbeidere som står klar til å hjelpe deg!"

Du kan også halde deg oppdatert på det siste frå Møre Beslag AS, på deira facebook-side

Vi, for vår del, gler oss veldig over at også Møre Beslag AS er på plass og ynskjer dei velkomen med på vinnarlaget!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove