Fotograf: NTNU
Aina Basso er nominert til Nordisk Råds Pris for beste barne- og ungdomsbok 2013 fotograf NTNU
Fotograf: Samlaget
Basso har også gjort undersøkingar kring lokale hekseprosessar, i høve programmet fotograf Samlaget
Fotograf: Samlaget
Boka "Inn i elden" er ein historisk ungdomsroman med hekseprosessane i Finnmark som dramatisk bakteppe fotograf Samlaget

Møt den kjende forfattaren Aina Basso torsdag 26. september!

Førstkomande torsdag kjem forfattar og historikar Aino Basso på besøk til Stordal. Ho vil då halde eit foredrag i Stordalshallen. Arrangementet, som har fått tittelen: Heksar og syndarar – kvinner i ein mannsverd, er eit samarbeid mellom folkebiblioteket og den lokale komiteen for markering av 100-års jubileumet for kvinners stemmerett.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.09.2013

Aina Basso er født og oppvaksen på Giske. Trass sin unge alder, har ho alt blitt ein anerkjent forfattar og historikar. Ho har hatt stor suksess med fleire av romanane sine. Ho vart nominert til Brageprisen og Nordisk råd sin litteraturpris for ungdomsromanen "Inn i elden".

Aina Basso har også eigen blogg, der ein kan lese meir om ho Sjå ei rad lenker til interessante intervju, avisartiklar og reportasjar der.

Arrangementet på torsdag skal vere i grendasalen i Stordalshallen og startar kl. 19.00. Aino Basso sitt foredrag høver både for ungdom og vaksne.

Meir om boka "Inn i elden", som Samlaget omtalar som ein historisk ungdomsroman med hekseprosessane i Finnmark som dramatisk bakteppe:

"I tiåra frå 1620 og utover blei i alt 80 ”trollkvinner” dømde til døden på bålet i Finnmark. I denne romanen møter vi to unge jenter som hamnar på kvar si side i denne utrulege og skremmande delen av norsk historie.

Romanen har to parallelle forteljarar, den velståande Dorothe frå København og den fattige Elen, som er dotter av ei ”klok kone” i Finnmark. 16 år gammal blir Dorothe gifta bort til ein mykje eldre mann og drar med han til Vardø, der Dorothes og Elens liv kryssast på dramatisk vis. Gjennom dei to like gamle, men svært ulike jentene, får vi ei levande og poetisk skildring av å vere på veg inn i vaksenverda, og av ei fjern fortid med både parallellar og sterke kontrastar til vår eiga."

Vi kan no avsløre at Aina Basso - i høve dette programmet - også har gjort undersøkingar kring lokale hekseprosessar. Ekstra spanande med andre ord!

Den lokale komitéen for markering av 100-års jubileumet for kvinners stemmerett, samarbeider denne gongen altså med Stordal folkebibliotek.

Sjå gjerne også reportasjen frå den flotte temakvelden den lokale komitéen stod bak i juni i år. 

Foredraget til Aina Basso vil du ikkje gå glipp av!

Gratis inngong!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove