Møte i fotballgruppa for å fordele treningstidene i Stordalshallen

Fotballgruppa er den desidert største enkeltgruppa, også når det gjeld treningstidene i Stordalshallen. Det er mange fotballag som ynskjer treningstid og helst då ikkje for tidleg og heller ikkje for seint. Å ha treningstid på fredag, laurdag og søndag, er heller ikkje så populært. At gruppa no møtast for å sjå på fordelinga i fellesskap er difor særdeles positivt.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.10.2015
Fotograf: Hallgeir Hove
Det er liten tvil om at det er populært med futsal i Stordalshallen! fotograf Hallgeir Hove

Det er førstkomande måndag, altså den 2. november dette skjer. Eigentleg burde det ha vore gjennomført mykje tidlegare - då det er mange lag som forståeleg nok har vore utålmodige etter å kome i gong - men ein får gle seg over at det no vert slikt møte. Så får ein også satse på at gruppa er tidlegare ute med å avhalde slikt møte i forkant av neste tildeling av treningstider.

Her er innkallinga frå fotballgruppa, sendt ut den 30. oktober:

Innkalling til møte måndag 2. november kl. 20.15 i Grendasalen.

Gjeld alle lag/treningsgrupper i fotball som ønskjer å trene inne i Stordalshallen i haust.
Minst ein representant frå kvart av desse laga bør vere med på møtet.

Det er mange lag som ønskjer å trene inne i Stordalshallen i haust.
Det er komt inn ein del ønskjer, og nokre har allereie fått tildelt treningstid, mens andre ikkje har fått det enno.
Ein del av ønskja om treningstid er på samme kveld og tidspunkt, det er dette vi må sjå på på møtet og verte einige om kven som skal trene når.

Det skal vere minst ein lagleiar eller trenar for dei ulike laga frå sesongen 2015 som dette vert sendt til på epost med dette. Ser du noko lag som ikkje har fått denne eposten ver vennleg å gje beskjed også til dei.

Invitasjonen til å søkje om treningstid i Stordalshallen vart formidla ut i starten av august, på vanleg måte, med søknadsfrist den 16. Sjå gjerne reportasjen om dette, der det m.a. vart peika på at fotballgruppa sjølve ville få eit større ansvar i høve til å fordele treningstidene innad i gruppa. Det vart også som vanleg peika på at det var viktig å søkje innan fristen for å få treningstid som passa best mulig.  

Sjå gjerne også reportasjen der trenings- og øvingstidene var fordelte . Der vart det m.a. også peika på at fotballgruppa måtte ta hand om å fordele treningstidene utfirå ei totalvurdering. Dette vart då lagt fram slik, for om lag 2 månader sidan slik:

"Legg elles også merke til at det framleis er tider/dagar der det er ledig plass i idrettshallen. Det som kjem inn av søknadar frå lag innan fotballgruppa utover hausten, må gruppa sjølve syte for fordelinga på utifrå ei totalvurdering."


I forkant av eit slikt møte, er det igjen viktig også å peike på omsynet til t.d. skulekorpset sine faste øvingar tysdagskveldane, barnekoret sine øvingar på måndagskveldane og ikkje minst omsynet til barneidretten sin aktivitet. 

Då ser vi fram til at fotballgruppa får løyst kabalen og at det vil vere klart for mest mulig fotballaktivitet i Stordalshallen, innanfor dei tilgjengelege tidene! Det er mange omsyn å skulle forhalde seg til, når treningstidene til alle desse fotballaga skal fordelast. Kven andre enn fotballgruppa bør då ta stilling til alle desse? Kva er då betre enn at gruppa kjem saman for å drøfte dette?

Flott!



 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove