Møte med viktig tema!

Temakveld - Ungdata, Bjørg Jacobsen deler ut jubileumsskjorte til Rita Valkvæ - Klikk for stort bildeTemakveld - Ungdata, Bjørg Jacobsen deler ut jubileumsskjorte til Rita Valkvæ Hallgeir Hove

Det var noko så viktig som korleis våre eigne born og unge har det, som var tema for møtet i Stordalshallen i går kveld. Rita Valkvæ, frå Kompetansesenter Rus Midt-Norge, var på plass og ho kunne m.a. også presentere ein del av resultata frå den store ungdomsundersøkinga gjennomført tidlegare i år. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.06.2017

Temakveld - Ungdata, gruppearbeid - Klikk for stort bildeTemakveld - Ungdata, gruppearbeid Hallgeir Hove Temakveld - Ungdata, gruppearbeid - Klikk for stort bildeTemakveld - Ungdata, gruppearbeid Hallgeir Hove Temakveld - Ungdata, gruppearbeid - Klikk for stort bildeTemakveld - Ungdata, gruppearbeid Hallgeir Hove Temakveld - Ungdata, gruppearbeid - Klikk for stort bildeTemakveld - Ungdata, gruppearbeid Hallgeir Hove Etter ein kort introdukjson frå koordinator Stordal ungdomsråd/Stordal ungdomsklubb, Bjørg Jacobsen, overtok Rita Valkvæ mikrofonen.

Ho starta med å presentere foredraget med den treffande tittelen; "Heldig er den ungdomen, som har teite foreldre". Det var nok mange som kjente seg igjen i den beskrivelsen ho ga av korleis ungdomane rundt om kan oppleve oss foreldra og kanskje ikkje minst også at fleire tenkte at det var fleire enn dei som meir enn ein gong har vore i tvil om kva som er rett å gjere i ulike samanhengar.

Resultat frå den ferske undersøkinga, nytta ho til å synleggjere og bygge opp under dei momenta som foredraget inneheld og det var utvilsamt interessant og viktig å få med seg dette. Det er ikkje til å legge skjul på at ein skulle ynskt at endå fleire av foreldra/dei føresette var på plass i går.

I det påfyljande gruppearbeidet - som m.a. også synte at gruppene var veldig samstemte - kom det fram mykje fornuftig, som både arbeidsgruppa for ungdata, skulen og helsetenesta vil kunne få nytte av i sitt vidare arbeid. Der vil sjølvsagt også endå fleire detaljar frå Ungdata-undersøkinga bli fokusert på.

Ein gjevande og særs nyttig kveld vart avrunda med at Rita fekk seg God Helse-sitjeunderlag, samt jubileumsskjorte og "buff" frå Stordalshallen.  

Sjå gjerne også førehandsreportasjen vår, for meir om m.a. Ungdata-undersøkinga

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove