Møte vedr vidare framdrift for arbeidet med tilbygget ved Stordalshallen

Førstkomande måndag, 20. januar, er det endeleg klart for møte, der ein m.a. vil gå gjennom korleis dugnadsarbeidet skal organiserast vidare framover. Etter ein periode, der det stort sett er entreprenørane som har vore i sving, er det no altså klart for det ein kan kalle dugnadsfase to.


Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.01.2014
Fotograf: Hallgeir Hove
Taket i ferd med å kome på plass fotograf Hallgeir Hove

Vi har tidlegare hatt gleda av å presentere ei liste som stadfestar ei stor interesse for å stille opp på dugnad, også i høve dette prosjektet. Sjå våre tidlegare reportasjar for meir om dette.

Vidare har vi peika på at Stordal IL, på det næraste er komen i mål, når det gjeld innsamlingsaksjonen sin. Ikkje dårleg det, når vi veit at det faktisk er kr 500.000,- det er snakk om!

No køyrer vi altså på vidare og på måndag den 20. januar kan alle som ynskjer det, møte opp og få med seg korleis det heile er tenkt lagt opp framover. Sjå meir i eigen pdf nedst på sida.

Sjå også oversikta over dei mange som er klare til å stille på framover!


 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove