Fotograf: Hallgeir Hove
Representant frå KIS i Ålesund, ser til at alt er som det skal vere i klatreveggen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Petter Aksel skiftar ut defekte tennarar og lysrør fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Geir Marius og Robert får på plass nye reklameskilt fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
SIMEK er ei av dei nye verksemdene som er på plass med flott skilt i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Robert og Geir Marius ferdige med å få dei nye skilta på plass fotograf Hallgeir Hove

Mykje godt arbeid utført

Dei siste to dagane har det vore lift på plass i Stordalshallen. Dermed har ein fått sertifisert skilleveggar og klatrevegg, tennarar og lysrør er skifta ut, støv og laus måling frå bjelkelag og ventilasjonakanalar er fjerna og sist men ikkje minst er ytterlegare nye samarbeidspartnarar komne på plass på veggen. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 19.06.2014

Det er kjekt å kunne meddele at ei ny runde med sertifisering av utstyr ved Stordalshallen er unnagjort. Det er firmaet KIS i Ålesund som står for dette og i tillegg til at skilleveggane og topptau-festa i klatreveggen vert kontrollerte, har dei også trosseriggen og dei fire sveivetårna med på lista over utstyr som skal sjekkast årleg.

Med lift på plass desse to dagane, rakk vi også å få skifta ut defekte lysrør og tennarar i armaturane i taket i idrettshallen. Gledeleg er det at Robert og Geir Marius også rakk å få fjerna støv og laus maling på bjelkar og ventilasjonskanalar, før liften returnerer til Ålesund i morgon tidleg.

Nokre få reklameskilt var det også behov for å skifte ut og det er sjølvsagt veldig kjekt at dei nye er på plass til folkefesten om ei veke! Vi kjem attende med ein nærare presentasjon av våre nye samarbeidspartnarar med det aller første.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove