Fotograf: Hallgeir Hove
Fornøgde jenter frå Aksla og Spjelkavik i klasse J 11 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mykje bra spel og mange tette duellar! Her i kampen mellom Blindheim og Guard i klasse J 10 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Dyktige gutar frå Sykkylven og Stordal i klasse G 10 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Guard og Stordal i klasse J 10, leverte også ein strålande kamp fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Olav-Rune og Katrine var to av mange dommarar i aksjon. I sekretariaet ser vi Elin og Harry fotograf Hallgeir Hove

Mykje jubel og stor stemning!

Denne helga har nærare 200 fotballspelarar i alderen 10 til 12 år vore i aksjon i Stordalshallen, i samband med Sunnmøre Fotballkrets si nye satsing på Futsal for desse årsklassene. Stordal IL, som var lokal arrangør, kan sjå attende på eit særs vellukka arrangement.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.12.2012

Heile 24 lag var på plass og kampane pågjekk difor frå tidleg morgon og til langt ut på kvelden, både laurdag og søndag. God speakerteneste og stilig musikk ved scoringane, bidrog til ekstra stemning i hallen.

Ute på parketten var det mykje god fotball som vart vist og det var mange kampar med verkeleg nerve. På tribuna var også engasjementet stort og det er liten tvil i at denne nye futsalserien har slått an, både for små og store.

Du finn 30 bilder frå den kjekke helga, i eige galleri på Stordalshallen si facebookside

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje for meir om dette nye flotte tilbodet frå Sunnmøre Fotballkrets 


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove