Mykje nytt og spennande på Stordalscup i år!

Bumperz, bør bli ein suksess - Klikk for stort bildeBumperz, bør bli ein suksess

No startar vi for alvor nedtellinga til Stordalscup. Når ein ser på alt det som skal skje denne gongen, kan vi med rette framleis kalle dette for folkefesten over alle folkefestar. Mykje nytt og spennande er på plass denne gongen og påmeldinga til fotballturneringa har også vore veldig god. Der er det på sin plass å minne om at fristen er sett til måndag 5. juni og rett etter den tid blir kampoppsettet presentert. Dermed hastar det no med å få meldt seg på.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 29.05.2017

Vennskapeleg gladiatorkamp, er ein av dei nye aktivitetane  - Klikk for stort bildeVennskapeleg gladiatorkamp, er ein av dei nye aktivitetane Klovnen Klumse foto Smp - Klikk for stort bildeKlovnen Klumse foto Smp Stordalscup 2017 - Vestbyen Fotball G 10 - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - Vestbyen Fotball G 10 Stordalshallen, Stordal skule, Kirkebø Stadion m.m. - Klikk for stort bildeStordalshallen, Stordal skule, Kirkebø Stadion m.m. Bjørnar Midtbust

Stordalscup er arrangert i snart 40 år no og lenge var det første helga i juli, som var sett av til denne folkefesten. Men tilbakemeldingar frå ein del av laga, var at det var vanskeleg å få med nok spelarar på grunn av ferieavvikling, men at dei var klar på at Stordalscup er den desidert beste turneringa.

Arrangørane har tatt konsekvensen av dette og inviterer no til folkefest i løpet av dagane frå fredag den 16. t.o.m søndag den 18. juni.

Men ikkje nok med det; I år er det endå meir ein kan vere med på av spanande aktivitetar og det aller meste av dette er heilt gratis!

Bumperz, ein av dei mange nye aktivitetane

Du har kanskje sett det på TV, eller på film? Bumperz er iallefall ganske så fascinerande og må vere artig å teste ut for såvel unge fotballspelarar som andre. Her er ein filmsnutt på Youtube, som viser kva dette går ut på. Under Stordalscup 2017, kan de utfordre kvarandre til kamp på denne heilt særeigne måten.  

Gladiatorkamp og "Mestrenes mester".

De kan også utfordre kvarandre til gladiatorkamp i ein eigen oppblåsbar gladiatorarena. Sjå bilde. I tillegg vert det også mulig å prøve ut ulike tester kjent frå "Mestrenes mester".

Klovnen Klumse, Kaptein Sjøsjuk og dyra frå jungelen, er andre dømer

Stordalscup 2017 vil også få besøk av Klovnene Klumse og Kaptein Sjøsuk, til stor glede for såvel dei aller yngste som eldre. Dei yngste kan også gle seg til å møte nokre spanande jungeldyr.

Song- og kulturinnslag

Til liks med tidlegare år, så startar eigentleg folkefesten opp lenge før sjølve cup-helga. Dette gjeld m.a. mykje av det ein får oppleve på scena. I skrivande stund (altså måndag den 29. mai) er det t.d. klart for første del av song- og kulturseminar, der m.a. Maria Holand Tøsse er sentral og seminaret held fram også i morgon. Andre del av dette seminaret vert arrangert onsdag 14. og torsdag 15. juni og det er ved Stordal frivilligsentral det skjer.  Det er som kjent fleire scener i samband med Stordalscup, både inne i Stordalshallen og på utescena på stadion og dermed er det berre å gle seg til å få oppleve born og unge som er klare for å framføre innslaga sine både fredag, laurdag og søndag.

Salsmesse

Når vi kvart år kan gle oss over at det i løpet av cuphelga er nærare 7 000 personar innom, er det nok ganske så sikkert at også dei mange standane, både inne i Stordalshallen og utanfor - og forsåvidt i heile stadionområdet elles - er ei viktig årsak til dette. Med så mange utstillarar er det knapt noko ein ikkje kan få kjøpt og betre tilbod enn under Stordalscup, er det nok ikkje råd å finne. Meir info om salsmessa.

Hesteriding laurdag og brannbil på søndag

Suksessen med å ha Stordal Brannvesen sin flotte brannbil på plass, slik at borna kan få prøve både sirene, blålys og brannslange og gjerne også ha stilig brannhjelm på, vert vidareført. Dette skjer på søndagen. Dagen før vil det bli høve til hesteriding på grusbana. Dette er det Stall Skjeljavika som står for, med sine flotte Islandshestar.

Alt det andre er også på plass!

For dei mange som har opplevd Stordalscup, så veit dei at det der også er eit enormt loppemarked, at ein der kan få kjøpt den beste grilla laksen ein kan tenkje seg, at det er liv og røre såvel på kveldstid som på dagen. Fredag kveld vert det rusfri utekonsert ved stadion og vi kjem snart tilbake med meir om denne. Det vi kan garantere er at det blir knallbra! Laurdagen blir det som vanleg stor utedans. Meir om denne også med det aller første. For å få eit inntrykk av alt det Stordalscup har å by på, anbefaler vi eit tilbakeblikk i form av bilder og filmsnuttar. Lenker til dette vil du finne i våre tidlegare reportasjar om folkefesten.

Hald deg oppdatert!

I tida fram mot folkefesten, kan det løne seg å fylje ekstra godt med på Stordalscup si facebookside. Dette gjeld både laga som har meldt seg på, lag som enno ikkje har fått gjort dette og ikkje minst alle andre, med interesse for det som skal skje her i Stordal i dagane frå den 16. t.o.m den 18. juni. Også i år kan vi gle oss over at det er fleire langvegsfarande lag, som deltek. Her kan vi m.a. nemne Vestbyen Fotball frå Trondheim.

Stordalscup - Folkefesten over alle folkefestar - 16. t.o.m 18. juni 2017!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove