Fotograf: Hallgeir Hove
Deltakarar frå Hip Hop - kurset i 2011 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Her er ein del av dei i aksjon på scena fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Skikkeleg stas med avslutningsnummeret, der også IDOL-Jenny var med! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Unge songtalent på scena i 2009. I år vert det endå meir, med trossrigg og det heile! fotograf Hallgeir Hove

Mykje som skjer i Stordalshallen også i samband med Barnas Supersommar!

I Barnas kommune sitt program for Barnas Supersommar, ser ein at det vert mykje kjekt å vere med på, også i Stordalshallen. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 19.06.2012

Dei siste åra har ein m.a. fått høve til å møte Jonathan Parr, Kjetil Rekdal og i tillegg har det vore både songseminar, dansekurs, skyting og mykje, mykje meir. No er scena alt på plass i Stordalshallen, slik at dei som skal vere med på songseminaret også får høve til å prøve seg der.

Ikkje minst er det sjølvsagt også stort å kunne skilte med at sjølvaste IDOL-Jenny også kjem til Stordal i samband med Stordalscup 2012. Eit skikkeleg trekkplaster på plass, også denne gongen, med andre ord.

I tillegg til Jenny vil ein mellom anna også få oppleve ei rad unge talent i aksjon på scena i Stordalshallen i løpet av cup-helga.

Sjå heile programmet for Barnas Supersommar.

Les mykje meir om Stordalscup 2012

Vi gler oss!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove