Nærare 150 fekk med seg "Open hall-arrangementet"!

Ein del av dei nærare 150 som var innom totalt - Klikk for stort bildeEin del av dei nærare 150 som var innom totalt Hallgeir Hove

Då vi i romjula i fjor inviterte til "Open hall", var det godt over 100 som deltok. Sjølvsagt måtte vi derfor prøve å få til dette i år igjen og takka vere åtte supre instruktørar  vart dette om mogleg endå betre enn i fjor. At dette er eit populært tilbod, er det iallefall ingen tvil om. I går var det nok nærare 150 på plass i Stordalshallen og stemninga var på topp.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.12.2016

Open dag i Stordalshallen, 29. des 2016 - Mykje moro på team-track´n - Klikk for stort bildeOpen dag i Stordalshallen, 29. des 2016 - Mykje moro på team-track´n Hallgeir Hove Steffen instruerer Remy på konkurransetrampolina - Klikk for stort bildeSteffen instruerer Remy på konkurransetrampolina Hallgeir Hove Lars Johan og Harry hadde rigga opp dei elektroniske skivene - Klikk for stort bildeLars Johan og Harry hadde rigga opp dei elektroniske skivene Hallgeir Hove Open dag 29. des 2016 - Olivia, Sarah, Eli, Helga og Kjell stilte på i klatreveggen - Klikk for stort bildeOpen dag 29. des 2016 - Olivia, Sarah, Eli, Helga og Kjell stilte på i klatreveggen Hallgeir Hove

Fyljande instruktørar var med på å gje oss dette unike tilbodet: Lars Johan Nygård og Harry Tøsse på skytebana, Helga Øvrebust, Eli Søvik og Kjell Mulelid i klatreveggen og Steffen Staurset på konkurransetrampolina. I tillegg stor takk til dyktige Olivia Busengdal og Sarah Øvrebust Hjelmseth som også var med og sikra i veggen.

I tillegg til klatring, skyting og trampoline, var det m.a. også team-track, minigolf, skuddlaser, bordtennis, ulike ballspel og ein eigen kosekrok for dei aller minste. Det var høgt aktivitetsnivå heile tida og det såg verkeleg ut til at alle som deltok syntest det var skikkeleg kjekt. Som det meste anna av arrangment i Barnas kommune, var også dette gratis å vere med på.

Stor takk til alle dei som var med på å få til ein slik kjekk og aktivitetsrik dag i Stordalshallen i går!

Sjå eige galleri (152 bilder) på Stordalshallen si facebookside, for meir

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje, der vi også hadde med lenke til galleri frå i fjor

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove