Fotograf: Hallgeir Hove
Utøvarar og instruktørar samla til fellesbilde i samband med oppstarten på fredagen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det var ein god gjeng med talentfulle langrennsløparar på plass også denne gongen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Øvingar på team-track´n inngjekk som ein del av opplegget fredagskvelden fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordalshelga i langrenn vart denne gongen arrangert for 8. gong! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Deltakarane har berre lovord å kome med både i høve til opplegg, innhald og sjølvsagt Stordalshallen som base :) fotograf Hallgeir Hove

Nærare 70 langrennsløparar frå heile Møre og Romsdal deltok!

Langrennsgruppa i Stordal IL kan sjå attende på ei ny suveren samling og tilbakemeldingane frå deltakarar og leiarar frå dei gjestande klubbane er enormt positive. Den 8. utgåva av Stordalssamlinga i langrenn samla nærare 70 utøvarar.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.10.2015

Den 8. utgåva av Stordalshelga i langrenn fulgte suksessoppskrifta frå tidlegare år, der det på fredagskvelden var lagt opp til ei økt i Stordalshallen med vekt på styrke- og koordinasjonstrening. På laurdagen var det to økter, der den første gjekk på rulleski, medan den andre inneheldt intervalltrening i form av elghufs o.l. Søndag er konkurransedag under desse samlingane og utøvarane gjorde først frå seg rulleski-biten for så å avslutte med terrengløp etter pausen. (sjå lenke til resultat, lengre nede)

Men i tillegg til all treninga, er dette også ei helg der det sosiale står i fokus. I og med at alle dei tilreisande bur og oppheld seg ved Stordalshallen heile helga, vert det god anledning til å bli endå betre kjent med kvarandre. Som regel vert det stort sett å møtast til kappestrid i skisporet, i løpet av vintersesongen, og difor kan ei helg som dette ha mykje å seie også for motivasjonen.

Denne gongen var det også opna opp for at den som ynskte det, kunne ta seg ein tur i badebassenget, noko som sikkert også var populært. 

Det er heller ikkje noko å seie på instruktørkreftene under desse samlingane. Dei som var med denne gongen var: Pål Bjørn Øvrebust (leiar), Anniken Hjelbakk Hole, Lars Anders Hoel, Sigrid Jakobsen, Petter Elias Røkke, Petter Løset Skodjereite og Ingrid Nerem.   

Ein av instruktørane, nemleg Lars Anders Hoel, har laga til to flotte filmar frå Stordalssamlinga 2015. Desse har vi gleda av å kunne presentere her:

Stordalssamlinga i langrenn 2015: Fredag og laurdag  (av Lars Anders Hoel)

Stordalssamlinga i langrenn 2015: Laurdag kveld og søndag (av Lars Anders Hoel)

I Stordalshallen sitt videogalleri, finn du endå fleire filmar frå tidlegare samlingar o.l.

Sjå vår førehandsreportasje for meir om Stordalshelga i langrenn. Der kan du også ta eit tilbakeblikk på alle dei tidlegare sju samlingane.

På nettsida vår finn du også flotte filmopptak frå tildlegare samlingar og!

Sjå også reportasje på Møre og Romsdal Skikrets si heimeside. Der finn ein også resultatata frå både rulleskiløpet og terrengløpet arrangert i løpet av samlinga.

Vi nyttar høve til å gratulere langrennsgruppa i Stordal IL, med nok ei vel gjennomført samling og takkar også alle dei tilreisande for at dei ville besøkje oss!

Vi føler oss rimeleg trygge på at vi kan gle oss til ei ny samling også hausten 2016.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove