Fotograf: Veronica Hjelseth, Sunnmørsposten
Jonathan Parr ofte på plass når det er Stordalscup. No er han og Crystal Palace klar Premier League - spel! fotograf Veronica Hjelseth, Sunnmørsposten
Fotograf: Bjørn Steinar Skarbø, Bygdebladet
Jenny Langlo med minikonsert under folkefesten i fjor fotograf Bjørn Steinar Skarbø, Bygdebladet
Fotograf: Hallgeir Hove
Fredrik Ulvestad var ein av fleire Aafk-spelarar som vitja Stordalscup sist sommar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordalshallen byr på det meste. Her ser vi det store loppemarkedet i grendasalen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Eit ungt band i aksjon på utescena under Stordalscup 2012 fotograf Hallgeir Hove

NB! Påmeldingsfrist 1. juni!

No er det kun fire veker att til folkefesten startar ved Kirkebø Stadion/Stordalshallen! Stordalscup har særs mykje å by på og det for ein kvar smak. Men har du planar om å delta i fotballturneringa bør du vere om deg. Påmeldingsfristen er nemleg den 1. juni! I skrivande stund har vi også fått ein forsmak på veret, slik det alltid er i Stordal cuphelga! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 29.05.2013

I fjor var det nærare 1 000 spelarar med, fordelt på om lag 100 lag. Dette seier det meste om kor populært det er å delta og truleg er det heller ikkje mulig å få pressa inn fleire lag enn det som var med då.

Dette betyr vidare at det ikkje vil vere dumt å vere om seg med påmeldinga. Det ville vere synd om laget ditt ikkje fekk med seg denne folkefesten! Dei siste dagane har arrangørane registrert stor pågong og klubbar som t.d. Brattvåg og Ørskog har alt meldt på sju lag kvar! (Stordalslaga brukar ikkje vere først ute med å få meldt på sine og når desse no kjem på plass, er det grunn til å tru at lag som ynskjer delta ikkje bør vente lengre med å melde seg på)

Sjå gjerne vår tidlegare reportasje om det heile, der vi også presenterer tilbakeblikk på Stordalscup dei siste åra.

Alt om korleis du melder deg på og meire til, sjølvsagt på Stordalscup si eiga nettside.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove