Nedtellinga har starta for fullt!

Om vel ein månad, nærare bestemt laurdag den 23. februar, er det klart for Årsfest for Stordalshallen. Det er grenda Hovslia som står som arrangør denne gongen og imponerande nok, vert dette den 16. utgåva!   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.01.2013
Årsfest 2013
Årsfest 2013

Arrangørane har oppretta eiga side på facebook og ein vert ikkje mindre "nyfiken" på kva det er vi skal få vere med på, når ein går inn på denne. Det som er openbart, er at arrangørane verkeleg ser ut til å vere klare og at det er all grunn til å gle seg.

I tillegg til program-delen, som er sjølve høgdepunktet under Årsfestane, vert det sjølvsagt mat og dans også denne gongen. Arrangørane er akkurat like hemmelegheitsfulle som dei skal vere i høve til programmet, men med det aller første vil vi få vite meir om både kven som skal spele til dans og kva som står på menyen.

I og med at Årsfestane er så populære og idrettshallen fullsett, er dette også eit eigna høve til å dele ut kulturpris og kulturstipend. Denne gongen er det karen bak musikalsuksessen "We Will Rock You", som vil bli overrekt velfortent diplom m.m. Mats Rune Lilleås Larsen vart tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend 2012 og på Årsfesten får vi høve til å gjere ekstra stas på han. 

I vår tidlegare førehandsreportasje hadde vi også med ein del lenker til reportasjar frå tidlegare Årsfestar. Alltid like kjekt å sjå tilbake på desse strålande arrangementa. Ynskjer du å halde deg oppdatert på det aller siste om Årsfest 2013, anbefaler vi at de vitjar den oppretta facebook-sida til arrangørane. Passar du på å dele denne med venner og kjente, kan du også bidra til at dei får høve til å planlegge, slik dei kan vere sikre på å få begivenheita med seg. Å gå glipp av Årsfesten er det truleg få som ville synest noko om. 


 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove